Bergens bilforstad

Skal Askøy bli ein av dei nye bilforstadane til Bergen? I følgje Statens Vegvesen er det ein høgst aktuell hending.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Bergen fra Fløyen

Over 41.000 bilar dagleg frå Askøy inn til Storavatnet, skrik ikkje berre for nye løysingar for biltrafikken, men også eit betre alternativt reisetilbod. Betre flyt, auka frekvensar og buss som går der folk bur og jobber når dei treng den, er gode stikkord.

Kollektivtrafikken treng å være eit godt alternativ for at folk skal bruke den, og slik mykje av den fungerar i dag kan ein godt forstå at folk tar bilen. Ingenting forhindrar Askøy i å bli Bergens bilforstad.

Mykje ligg bak dette, som beliggenheit til barnehage og skule, og kvar du bur på øyen. Allikavel kan mykje gjeres som vil gje ein bonus til Askøys reisande befolkning. Auka fokus på Snarveien, og gjere den til Askøys bybane. Utvida rutetider, auka frekvensar og intercity buss til Busstasjonen vil gjere den hakket meir interessant. Dette forutsier også gode parkeringsmogelegheiter. Så kala park’n ride plassar. Også fleire park’n ride plassar andre stader enn på Kleppestø er ein god satsing. Askøy er for sprett til at bussen kan rekke alle. Frå desse park n’ ride plassane må rutetilbodet være diffensiert og ha høg frekvens.

Kø biler forurensing

Gode rutar forutseier også at reisa kan gå der folk skal. I dag tar det mykje tid å reise med buss frå Askøy til jobb rundt Kokstad, eller Sotra. Fleire direkterutar, i form av færre mellomstopp, og ikkje bussar som går om sentrum.

Sjølv om det er fylkeskommunen som har ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av kollektiv, er det Askøys ansvar og sette krav og ynskjer til korleis den skal fungere. Kanskje hadde det vore ein lur ide og sette andre krav ved dei kommande anboda på Askøyrutane? Som auka passasjerandel, slik det har blitt gjort i Helsingfors?

Biltrafikk

Det er også eit ansvar for Askøy å tenke på omegns kommunane når samferdsel skal settes saman. For på same måte som befolkninga reiser mellom kommunane, må politikaren tenke der og. Venstre ynskjer derfor ein større satsing på parkeringsmuligheiter, frekvensar og diffensiert rutetilbod.

Eit meir konkurransedyktig alternativt reisetilbod forutset ein blanding mellom bil og buss. Folk skal ikkje tvinges til å velje buss. Det er illiberalt. Eit meir attraktivt kollektivtilbod vil gjere det for mange eit godt alternativ, og auke passasjerandelen. Det er liberal samfunnstenking.

Simon Furnes

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**