Nominasjonsnemnda for Nordland Venstre består av:
Franziska Wika (Vefsn) – leder
Bjørn Heggstad (Lødingen)
Jostein Toftebakk (Bodø)
Kerstin Ander-Trønsdal (Mo)
Arne B. Vaag (Fauske)
Nikolai Endresen Dahl, Unge Venstre
Nemnda inviterer alle medlemmer til å kome med forslag til listekandidatar. Forslaga treng ikkje å rangerast, men for kvar kandidat bør det fyllast ut ein standard mini-cv. Svarfrist: 1.juni.
Nemnda kontaktar valde representantar for avklaring om dei ønskjer attval.
Nominasjonsprosessen ifm Stortingsvalget 2009
Sentralstyret sitt forslag til retningslinjer for nominasjonsnemnder:
Alle medlemmer av nominasjonsnemnda bør akseptere desse retningslinjene for nominasjonskomiteen sitt arbeid:
Nominasjonsnemnda må spørje alle dei føreslåtte kandidatane om dei er villig til la seg nominere på den føreslåtte plassen.
Nominasjonsnemnda må spørje dei føreslåtte kandidatane om dei reserverer seg mot Venstre sin vedtekne politikk.
Nominasjonsnemnda må spørje valde representantar om dei stiller til val på ny.
Nominasjonsnemnda kan ikkje føreslå kandidat som er medlem i nominasjonsnemnda med mindre vedkomande trekk seg frå nemnda straks forslaget blir fremja anten av komiteen eller av andre. Dersom vedkomande ikkje ønskjer å trekke seg, skal forslaget avvisast.
Nominasjonsnemnda blir stilt fritt i sitt arbeid med å vurdere aktuelle kandidatar til vallista, men ho er forplikta til å innhente naudsynt informasjon frå kandidatane og kan eventuelt innhente informasjon frå andre kjelder.
Nominasjonsnemnda har ansvar for at nominasjonsprosessen vert open og inkluderande.
Kandidatar som blir føreslått til topplasseringar på listene må å ha akseptert dette på førehand.
Kandidatane må vere innstilt på å sette av tilstrekkeleg tid til naudsynt skulering og aktiv innsats i valkampen. Dette gjeld spesielt for dei øvste kandidatane.
Kandidatane må stå inne for partiet sitt prinsipprogram og i all hovudsak vere einig i partiet sin politikk. Venstre har ingen krav om at kandidatane må vere medlem i partiet. Det er lov å tenke nytt, utradisjonelt og å vere kreativ i nominasjonsprosessen når det gjeld å føreslå personar som pr. i dag ikkje er aktive i partiet.