– Bent Røiseland ville likt Trine Skei Grande

– Bent Røiseland ville likt at Trine Skei Grande gjekk i 1. mai-tog under parolen om å støtte og utvikle småbedriftene, sa tidlegare sjefredaktør Jens Vetland da han kåserte for Venstrefolk frå Agder og Rogaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


i Kristiansand laurdag.

Jens Vetland

Foto: Jan Kløvstad

Jens Vetland fortalte om valkampar med Røiseland, om Venstres historie på Agderfylka og dei sosial-liberale prinsippa som han kjenner godt igjen hos Trine Skei Grande. Vetland la vekt på respekten for enkeltmennesket, både i Røiselands engasjement for eit verdig rettsoppgjer etter andre verdskrigen og dei standpunkt Lars Sponheim og Trine Skei Grande så prisverdig har tatt med respekt for flyktningar og innvandrarar.

– Trine Skei Grande blir ein betydeleg Venstreleiar, spår Jens Vetland, som var sjefredaktør i Fædrelandsvennen i 17 år og var ein nær venn av Bent Røiseland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**