i Kristiansand laurdag.
Jens Vetland fortalte om valkampar med Røiseland, om Venstres historie på Agderfylka og dei sosial-liberale prinsippa som han kjenner godt igjen hos Trine Skei Grande. Vetland la vekt på respekten for enkeltmennesket, både i Røiselands engasjement for eit verdig rettsoppgjer etter andre verdskrigen og dei standpunkt Lars Sponheim og Trine Skei Grande så prisverdig har tatt med respekt for flyktningar og innvandrarar.
– Trine Skei Grande blir ein betydeleg Venstreleiar, spår Jens Vetland, som var sjefredaktør i Fædrelandsvennen i 17 år og var ein nær venn av Bent Røiseland.