Opplysande årsmelding om ein kommune med dårleg råd og godt arbeid

Det er grunn til å rose dei tilsette i Arendal kommune for den solide jobben dei gjer. Årsmeldinga og rekneskapen er tre imponerande dokument og god folkeopplysing, sa Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad i debatten om årsmelding og rekneskap i bystyret i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Det er ei opplysande årsmelding om ein kommune med dårleg råd og godt arbeid. Men trass i godt arbeid viser årsmeldingane at Arendal som samfunn har store utfordringar. Eg vil snakke om
– levekår
– skoleresultata
– deltid/heiltid
– medarbeidarane våre

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Side 42 i årsmeldinga gir tydelege signal om kva vi skal løyse framover. I Arendalskonferansen for to år sidan sa Victor Normann at norske lokalpolitikarar i framtida vil sjå tilbake på 2008 som eit gullår i norsk kommuneøkonomi. Han får meir og meir rett. Ingen år sidan KOSTRA-rapportane starta opp på tidleg 1990-tal har så mange kommunar slitt økonomisk. Nå seinast er den svært regjeringsvennlege avisa Nationen som melder dette.

Men tilbake til nemnte side 42 som seier noe om utfordringar. Også rådmannen var inne på dette for fjorten dagar sidan: I 2009 var det 1608 menneske UNDER 67 år som er registrert som brukarar av omsorgstenester. Det er faktisk rundt halvparten av alle brukarar. Tal brukarar under 67 år i 2009 er over 18% høgare enn for berre to år sidan. Det har auka frå 1356 til 1608 menneske, 252 menneske.

Også når det gjeld brukarar av psykiatrisk sjukepeietjeneste er det sterk auke dei siste to åra, frå 349 til 402. Det kan bety at vi er blitt betre til å gi hjelp til fleire, men det kan også vere eit signal om at vi har problem.

Dette kan ha mange årsaker, og vi har dyktige fagfolk i kommunen til å arbeide med utfordringane. Men vi treng hjelp. Atle Svendal og eg — og ein samla helse- og omsorgskomité — har tatt opp ønsket om ein søknad til staten om ei stor tiltakspakke for Aust-Agder. Bortsett frå Lillesand, Vegårshei og delar av Grimstad ligg dei aller fleste lokalsamfunn i Aust-Agder UNDER gjennomsnittet når det gjeld levekår.

Kvaliteten i skolen er ein viktig del av arbeidet for å betre levekåra. Og bustadplanlegging må heile tida bli gjort med tanke på å betre levekåra. I årsmeldinga ser vi at det er godt arbeid, men ennå er ikkje skoleresultata i gjennomsnitt så gode som vi har hatt som mål. Det er for mange røde lys frå altfor mange skolar, som Robert Cornels Nordli nemnte i ei tidlegare sak i kveld. Elevar, lærarar og vi som foreldre må arbeide målbevisst og grundig kvar dag for betre skoleresultat. Skolereisa, også for dei som går inn i første klasse med ikkje altfor god bagasje heimanfrå, skal føre til at alle er betre rusta for resten av livet når dei går ut av skolen.

Enda eit moment i levekårsarbeidet vil Venstre ta opp. Vi foreslo i si tid at Arendal kommune skulle bli med i arbeidet for å redusere uønska deltid, og vi er glade for resultata i prosjektperioden. Da prosjektperioden var over fekk vi gjennomslag for at alle tertialrapportar og årsmeldingar skal gi oss oversikt over utviklinga om deltidsstillingar. Vi har målsetting om at mindre enn 15% av dei tilsette skal ha mindre enn 40% stilling. Nå er det 18,8%. Jo fleire vi får i størst mogleg stillingar, jo betre arbeid er det både for den enkelte her og nå, for pensjonen til mange kvinner, – og eit viktig bidrag til å styrke likestillinga og betre levekåra i Arendal.
Det er mange opplysande skjema i årsmeldinga. Det er grunn til å glede seg over at til tross for at mange tilsette har fått stadig større arbeidsoppgåver og mange må løpe stadig raskare, så har vi stolte og fornøyde medarbeidarar. Tabellen på side 46 viser at medarbeidarane er fornøgde med kommunen og sin eigen arbeidsplass, dei opplever å bli sett og høyrt av nærmaste leiar og dei opplever at dei har innflytelse. Dei opplever at dei har god kompetanse både fagleg og innan IKT. På alle desse punkta er det framgang frå forrige måling i 2007.

Vi har altså stolte, trygge og dyktige medarbeidarar, og det er den beste kapitalen ein kommune kan ha.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**