Venstre vil fryse politikarlønna

Venstre kom i mindretal da politikarlønningane i Arendal bystyre blei vedtatt for denne perioden. Vi ville ha noe lågare godtgjersle. I bystyret torsdag kveld reiser vi på nytt forslaget om

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


å ha godtgjersle for 2010 og 2011 på same nivå som i 2009.

Dette blei varsla av ordførar i formannskapsmøte i fjor, utan at det blei følgt opp. Varaordførar gjentok intensjonen frå bystyrets talarstol, men det blei ikkje fatta vedtak.

Derfor bad Venstre om å få eiga sak til bystyret nå i april, for å få avklart kva godtgjersla skal vere for resten av perioden.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

– Vi kan ikkje skjere ned på omsorgen for dei som bur på sjukeheimar utan å vise måtehald sjølve, seier gruppeleiar Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**