Venstre vil verne Møresokkelen!

(I flere lokalaviser i Møre og Romsdal har dette innlegget stått på trykk den siste tiden.) Venstre vil verne viktige havområde utanfor norskekysten. Der oljeinteressene kjem i konflikt med viktige fiskeri- og miljøinteresser må fisk og miljø kome først. Etter forslag frå Møre og Romsdal Venstre vedtok Venstre sitt landsmøte 18. april fråsegna “Vern gyteområda i Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen”. I februar utlyste regjeringa fleire omstridde område utanfor Mørekysten for oljeleting.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Venstre er sterkt i mot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda på Møresokkelen og i Lofoten og Vesterålen. Dette er dei viktigaste gyteområda for torsk og sild langs kysten vår. Det er naturområde som er heilt eineståande i norsk og internasjonal samanheng, og som må få varig vern frå petroleumsaktivitet.

Jens Johan Hyvik

Jens Johan Hyvik

Olje- og energidepartementet utlyste i februar fleire omstridde område for oljeleting utanfor Mørekysten, mellom anna blokkar som ligg i gyteområda til vårgytande sild og i område med store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Næraste nabo til oljeaktiviteten blir fuglefjellet på Runde.Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT). Også fiskerinæringa har markert sterk motstand mot leiteboring utanfor Mørekysten. Både fiskarar, forskarar og miljøvernarar er samde om at gyteområda utanfor Møresokkelen må fredast for oljeleiting og oljeboring.

Venstre meiner at det faglege grunnlaget for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten som nyleg blei lagt fram, slår fast at dei miljø- og samfunnsmessige konsekvensane av ulykker frå petroleumsaktivitet vil kunne få katastrofale følgjer. Vi meiner derfor at det ikkje er behov for nokon ytterlegare konsekvensutreiing om oljeaktivitet i desse områda.

Venstres vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene i Lofoten, Vesterålen og på Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som mot betre vitande gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteressar.

Folk langs kysten vår har hausta frå gyte- og fiskefelta på Møresokkelen og i Lofoten i uminnelege tider. Vi må forvalte desse ressursane slik at også framtidige generasjonar kan hauste av dette matfatet rett utanfor kysten vår.

Jens Johan Hyvik
Leiar, Møre og Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**