Venstre utfordrar regjeringa i neste års statsbudsjett til å leggja grunnlaget for ny næringsvekst og eit meir berekraftig forbruksmønster. Venstre meiner det inneber mindre skatt på næring og arbeid, og meir skatt på forureining.
Den kalde vinteren til trass; global oppvarming er framleis ein av dei største umiddelbare trugslane vår generasjon står overfor. Ei hovudårsak til problemet er at det har vore tilnærma gratis å sleppa ut klimagassar, medan kostnadene er blitt overlete til framtida sine borgarar i form av ustabilt klima, usikre avlingar og fleire millionar menneske på flukt frå heimane sine. Venstre meiner det heller er dei som forureinar sjølve som bør betala prisen. Ved å setja ein pris på forureining gjennom avgifter og kvoter gjer at det blir mindre attraktivt å forureina, og meir attraktivt å finna miljøvenlege løysingar.
Ei viktig kjelde til norske klimagassutslepp er eit stort feilforbruk av straum. Med høgare miljøavgifter vil folk vera oppmuntra til å bli meir kritiske til straumbruken sin og leggja større vekt på energiøkonomisering. Samstundes vil ny, fornybar kraftproduksjon bli meir konkurransedyktig.
Både i Soria Moria-erklæringane og i klimaforliket har den raudgrøne regjeringa forplikta seg på å auka miljøavgiftene. Likevel har me sett alt for lite til dette i praksis. Venstre meiner at regjeringa no må bruka skattesystemet til å setja brems på klimagassutslepp og miljøskadeleg forbruk, og samstundes setja fart på jobbskaping og nye næringar.
Det bør også bli dyrare å fly. Venstre vil fjerna den meiningslause taxfree-handelen som i realiteten er ein stor subsidie til internasjonal fly- og båttrafikk. I tillegg bør det innførast flyavgifter som gjer at tog blir meir konkurransedyktig som alterntiv, samstundes som den reelle forureininga frå fly vert avspegla i avgiftsnivået.
Landbruket bør og få insentiv til å driva meir miljøvenleg. Venstre vil at det skal innførast ei avgift på metangassutslepp så bøndene kan ta sin del av ansvaret i kampen mot klimaendringane.
Provenyen frå dei auka miljøavgiftene må brukast på å gi borgarane større økonomisk fridom, særleg folk med låge løner og folk som skaper nye arbeidsplassar. Venstre vil redusera skattesatsen på det lågaste trinnet i inntektsskatten, heva innslagspunktet for toppskatt, auka botnfrådraget på formuesskatten og innføra næringsfrådrag for sjølvstendig næringsdrivande på linje med minstefrådraget i inntektsskatten.
Gunn-Vivian Eide, politisk nestleiar Hordaland Venstre
Bjørnar Hamre, leiar Hordaland Unge Venstre