Bergensregionen treng ei framtidsretta hamn

Ei ny godshamn for heile Bergensregionen må byggast så snart som mogleg etter at Fylkesdelplanen (FDP) for ny godshamn er klar. Dette er naudsynt om Bergensregionen skal hevde seg internasjonalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Miljøomsyn med tanke på reduserte utslepp, minst mogleg støy og visuell forureining er avgjerande for alle. Hordaland fylkeskommune har høve til å kombinere desse omsyna med å bygge eit godt framtidsretta logistikk-knutepunkt. Ved å ta deler av gods inn til Noreg via Vestlandet, vil ein avlaste jernbanen ut av Oslo vestover og utnytte ledig togkapasitet motsatt veg.

Bergen fra Fløyen

Venstre skal vere konstruktive og opne for å debattere den endelege lokaliseringa av ei ny godshamn for vestlandsregionen når FDP leggast fram, men vi seier oss lei for at Sund-alternativet vart lagt vekk utan konsekvensutgreiing.

Det viktigaste for Venstre når det gjeld ei framtidsretta hamn vil vere at:
• det blir tatt omsyn til miljø og forureining og at mest mogleg gods kjem ut av Bergen sentrum.
• det blir ein effektiv terminal av internasjonal standard.
• hamna må greie minst 100% auking av gods fram til 2030.
• hamna og godsterminalen lett kan samordna bil-båt; altså knyte seg til eit godt vegnett
• sikre brukarane så låge transportkostnadar som mogleg.
• arbeidet må byrje innan 2015.
• arealet i Arnadalen må frigjerast

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**