Vasskraftutbygging – hemmeleghald og ansvar

I avisa «Hordaland», torsdag 22. april, kommenterar gruppeleiaren til Venstre i Voss kommune, Torstein Gunnarson, avsløringane om forslaga til kraftutbygging i Raundalselva.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


«Hordaland» for laurdag 17. april har – og med rette – store oppslag om planar for mogeleg kraftutbygging i Raundalselva, slik dette blei orientert om torsdag 15. april i formannskapet/plan – og økonomiutvalet(FPL) i Voss kommune, og til presse og organisasjonar.

Sjølve saka, mogeleg utbygging, skal eg la liggja i denne omgang – ynskjer likevel å minna om at dette ikkje er ei sak berre for Raundalen og Voss, men også nasjonalt, i og med at Raundalselva er ein del av Stortingsvedtatte verna vassdrag. Men det er reist fleire spørsmål om prosessen, og som tilseier ein umiddelbar kommentar. På spørsmål frå meg i FPL-møtet om ansvarsfordelinga mellom Voss Energi, BKK og kommunen om utgreiinga, fekk eg til svar at utgreiinga var utført av Voss Energi med hjelp frå BKK, på oppdrag av Voss kommune. Med unntak av ordførar var alle andre FPL-medlemer(som omfattar fleirtalet av gruppeleiarane i partia) heilt ukjende med at slik utgreiing var på gang. (Varaordførar var ikkje til stades.) Dvs. igjen at «Voss kommune» i dette tilfellet må vere ordførar og rådmann. Det er då heilt utilbørleg når pressemeldinga byrjar med «Voss kommune ønskjer å få vurdert ei skånsam kraftutbygging i Raundalen.» Det må sjølvsagt vera eit langt breiare politisk grunnlag i ei så omfattande og spesiell sak for at det skal kunne nyttast orda: «Voss kommune ønskjer…» ! Og her: Det er ordførar sitt klare og overordna ansvar at politikarane er informerte og har hatt høve til å ta standpunkt i aktuelle saker. Dvs. i denne saka; om ei slik utgreiing skulle gjerast, eller om offentleggjering skulle stoggast til saka var drøfta politisk. Eg finn det derfor uriktig og uheldig at «Hordaland» i sin leiar i så stor grad gjer rådmannen til syndebukk for ein hemmeleg utgreiingsprosess og informasjonsopplegget. Men saka bør føra til ei gjennomdrøfting av forholdet rådmann – ordførar – politikarar elles i Voss kommune!

Torstein Gunnarson, gruppeleiar Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**