Lokalpolitisk nettverk 8.-9. mai i Bergen

Sogn og Fjordane Venstre skal i samarbeid med VHO, Hordaland Venstre og Rogaland (nord) Venstre arrangere lokalpolitisk nettverk. Dette nettverket er danna med tanke på skulering av Venstre sine lokalpolitikarar og aktuelle listekandidatar til valet 2011. Skuleringsopplegget omfattar blant anna organisasjons- og politikkutvikling og mediearbeid. Det er planlagt fleire samlingar fram mot valet 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Valg 2011

Tid: Start laurdag kl. 10.00. Avslutning søndag kl. 16.00
Stad: Scandic Hotel Bergen Airport, Kokstad.

Frå VHO kjem Morten A. Hagen, Isak Oksvold og Odd Einar Dørum.

Lokalpolitisk nettverk – skulering av lokalpolitikarar

Program

1. samling vår 2010:

Det perfekte lokallaget

LAURDAG 8. MAI

10:00 Lokale samlingar — ansvar: Fylkeslaga
13:00 Lunsj
14:00 Velkommen til Lokalpolitisk nettverk
14:15 Opningsinnleiing: Lokal suksess
14:45 Det perfekte lokallaget: Presentasjon og fordeling
15:00 Gruppearbeid: Korleis er det perfekte lokallag?
17:00 Kaffepause
17:30 Oppsummering av gruppearbeid og lekse til neste samling:
Eitt eller to steg nærare det perfekte lokallaget der du bur
18:00 Q&A — ein uformell kunnskapskonkurranse om Venstre
18:30 Venstres organisasjon — kven gjer kva og korleis
20:00 Middag

SØNDAG 9. MAI

09:00 Kvifor er mediearbeid viktig?
10:00 Korleis selge saker inn til media? Spissing av politisk bodskap. Presse- og mediearbeid.
12:00 Lokale nettsider og sosiale medier
13:00 Lunsj
14:00 Nominasjonsprosessar, listestilling og programarbeid
15:15 Kampanjearbeid — korleis drive kampanje?
15:45 Kampanjearbeid i grupper — tilpass kampanjen til lokale tilhøve
16:00 Heimreise

Hotellet har gratis parkering.

Sogn og Fjordane dekkjer dagpakkar for deltakarane. Overnatting og reisekostnadane dekkjer lokallaga.

Har du framleis ikkje meldt deg på – ta kontakt med fylkessekretæren på [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**