Venstre ønsker vern i gyteområdene

Nordland Venstre er glad for at landsmøtet i Venstre har vedtatt vedlagte uttalelse om «vern gyteområda i Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Dette er en oppfølging av langvarig miljøengasjement Venstre har for disse sårbare og verdifulle havområdene. For Venstre har disse områdene en verdi i seg selv. Som vi har stått for vern av naturperler på til lands så ser Venstre verdien av disse områdene til havs, og vil gjøre dem om til nasjonalparker uten petroleumsaktivitet.

Hele uttalelsen:
Vern gyteområda i Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.
Venstres landsmøte er sterkt i mot at det blir opna for oljeleiting på dei sårbare gyteområda utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen. Dette er dei viktigaste gyteområda for torsk og sild langs kysten vår. Dette er naturområde som er heilt eineståande i norsk og internasjonal samanheng, og som må få varig vern frå petroleumsaktivitet.

Olje

Foto: stock.xchng

Venstres landsmøte syner også til at det faglege grunnlaget for oppdateringa av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten som blei lagt fram tidlegare i denne veka, slår fast at dei miljø- og samfunnsmessige konsekvensane av ulykker frå petroleumsaktivitet vil kunne få katastrofale følgjer. Venstres landsmøte meiner derfor at det ikkje er behov for nokon ytterlegare konsekvensutreiing om oljeaktivitet i desse områda.

Venstres landsmøte understrekar også at petroleumsaktivitet i desse områda vil bidra til endå meir CO2-utslepp i ei tid kor Noregs viktigaste oppgåve er å redusere dei samla utsleppa betydeleg.

Olje- og energidepartementet utlyste i februar fleire omstridde område for oljeleting utanfor Mørekysten, mellom anna blokkar som ligg i gyteområda til vårgytande sild og i område med store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT).

Venstres landsmøte vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene i Lofoten, Vesterålen og på Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som mot betre vitande gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteressar.
Venstres landsmøte vil derfor ha petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta våre utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**