Velkomne til lokalpolitisk nettverk/Venstreskulen 3 i Molde 29.-30. mai!

VHO og Møre og Romsdal Venstre inviterer no til ei etterlengta skulering av ressurspersonar, samt noverande og komande toppkandidatar i lokallaga!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Fylkeslaget/VHO sponsar lokallaga med inntil 1100,- for første deltakar frå kvart lokallag. Vidare deltakarar må laga betale for sjølve. Lokallaga kan delta med så mange dei ynskjer. Lokallaga betalar sjølve for transport til og frå Molde.

Skuleringa vil gå føre seg over 4 samlingar, der den første finn stad allereie helga 29.-30. mai. Så langt er dei neste samlingane planlagde slik:
2. samling haust 2010: Politikk: Miljø og velferd
3. samling vår 2011: Politikk: Skule og næring
4. samling sommar 2011: Drilling

I samband med denne første samlinga blir det halde representantskapsmøte i Møre og Romsdal Venstre frå kl 10.00 til 13.00 laurdag 29. mai. Det blir sendt ut eiga innkalling kring dette seinare.

Overnatting på Quality Hotel Alexandra

Heilpensjon: pr. person i enkeltrom (inkl. dagpakke/lunsj begge dagar) kr 1690
pr. person i dobbeltrom (inkl. dagpakke/lunsj begge dagar) kr 1490

Dagpakke: pr. person/dag kr 395
Middag: laurdag kr 350

Heilpensjon inkluderer dagpakke begge dagar og middag på laurdag. Deltakarar utan overnatting, må betale for dagpakkane begge dagane, men ein deltakar frå dei aktuelle laga vil få dekt denne utgifta av sponsinga.

Etter sponsing frå fylkeslaget vil det gje følgjande eignelutar for første deltakar frå kvart lag:
Døme nr 1 (med heilpensjon laurdag-søndag og enkeltrom): kr 590.
Døme nr 2 (med heilpensjon laurdag-søndag og dobbeltrom): kr 390.
Døme nr 3 (deltaking utan overnatting): gratis. Dagpakke inkludert begge dagar. Middag er ikkje inkludert og må tingast direkte med hotellet av deltakarane/lokallaget sjølve og gjerast opp for der (kr 350).

Frå og med andre deltakar frå kvart lag må lokallaget dekke alle kostnader.

Det er gjort avtale med hotellet at dei krev inn det som vert deltakarane/lokallaga sine eignelutar.

Dersom lokallaget har særskilte behov (t.d rekruttering, listestilling) og/eller svært vanskelig økonomi, kan ein søke fylkesstyret om ekstra stønad i samband med samlinga. Søknad må vere fylkesstyret v/Helge i hende innan 5. mai.

Start: Lunsj kl. 13.00. Lokalpolitisk nettverk kl. 14.00 (for dei som skal på representantskapsmøte startar dagen kl 10)
Slutt: Søndag kl. 16

Vi gjer merksame på at det blir ny påmelding for kvar samling. Innhaldet i samlingane heng saman, men det vil vere råd å henge seg på etterkvart, eller ikkje vere med på alle. Målet er likevel at flest mogeleg kjem på alle samlingane.

Påmelding innan 5. mai til Helge — helst på vedlagde skjema til epost: [email protected]
Om du lurer på noko: ring 95069388 (Helge)!

Velkomne til ei samling med fokus på fagleg påfyll, moro og ny kveik!

– styret-

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**