Uklart læringsutbytte

Uklart læringsutbytte av bruk av ikt i skulen seier Thomas Nordahl til HA på tysdag 6.april. I artikkelen vart det sett fokus på den manglande dokumentasjonen som fins om bruk av IKT i skulen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Eg vil synsing noko om ikt i skulen sjølv om eg kjem til å mangle dokumentasjon for det eg kjem til å skrive. Synsinga mi byggast på erfaring både som elev, i ikkje så alt for fjern fortid, og eit jamnt høgt kunnskapsnivå om ikt.

Manglande dokumentasjon er det rundt ikt og skulen, men som lærar i skulen så veit eg at det er lågt nivå i bruk av ikt blant alt for mange som i teorien skal ha det i skuleverket. Det er nok snart at ein må, innanfor skulen og kommunalsektor, stikke fingeren i jorda og seie at ein må ta dette på alvor. Det held ikkje å berre rope ut om kor mykje pengar ein brukar på utstyr, kor mykje utstyr ein har kjøpt inn eller at det har vore arrangert datakurs for lærarar (ein gong i tida). Viss ein ikkje aukar kompetansen på ikt i skulen og held den på eit jamnt nivå.

IKT er likestilt med dei grunnleggande faga som matematikk, engelsk og norsk, det betyr og at det må sikrast eit grunnnivå i skulen. Dette vil med andre ord at ein bør ikkje tru at kvar og ein av lærarar i Noreg er kompetent nok til å undervise i bruk av ikt. Til samanlikning så er ein er i dag fullt og heilt einige om at ein god lærar i matematikk ikkje treng å vere noko god lærar norsk, sjølv om han skriv godt norsk. Det kan verke som mange har ei innbilling i dag om at alle lærarar er kompetente nok til å gje elevar eit godt og bevisst forhold til ikt. Eit forhold med stor kunnskap om korleis ikt best kan nyttast for å tileigne seg kunnskap. Det vil eg påstå at er feil.

Det er dessvere slik at for mange elevar og lærarar så blir bruk av ikt ein svært krampaktig affære. Elevar manglar mykje kunnskap om grunnleggande bruk. Elev kan å installere programmer og surfe, men manglar studieteknikken. Manglar den systematiske jobbinga som gje kunnskap. Eg tenkjar då på dette på same måte som ein kan tenkje på nokon som kan å lese teknisk, men dei anar ikkje kva dei har lese. Grunnlaget dei har heimafrå er ikkje nødvendig det mest bevisste.
Lærarar i skulen manglar og mykje kunnskap, mange har kunnskap og tryggleik, men for mange vil eg framleis tru at dei kan verke usikre og kjem til å handle mekanisk på same måte som elevane.

Skuleleiarar har avgrensa mengde med ressursar å bruke på ikt og får heller ikkje nytta seg av kompetansen som fins blant lærarar fullt ut. Dette kan kome av manglade kompetanse for kva som trengs, og/eller sterkt press frå skuleeigarar (kommunen), men og frå dei godt etablerte grunnfaga matematikk, engelsk og norsk. I desse faga er det etablert eit “mal” for kva kunnskapsnivå det bør vere nivå i skulen. Det er det ikkje med ikt. Skuleeigarar manglar og mykje kunnskap om kva som trengs, samstundes som eg trur at dei ikkje får gjerne ikkje dei retta meldingane frå skuleleiarane om korleis det ligg an, av den enkle grunn, manglande kunnskap blant for mange.

Eg gleder meg til å følgje forskinga rundt ikt og skulen. Eg håpar at dei som kjem til å arbeide med dette har med seg eit høgt og bevisst forhold til moderne bruk av ikt. Ein bruk som går frå tekstbehandling til sosiale medium, og gjer at ikt er meir enn berre ei surfemaskin eller skrivemaskin. Eg håpar at kompetanse heving rundt i ikt skulen går på meir enn begynnarkurs for å lage tabell i word. Ikt i skulen er ikkje for meg ein undervisning åleine, det er ein integrert del som sklir naturleg å saumlaust inn i all undervisning. Sjølvsagt er det ofte at det ikkje går saumlaust, men det har med ustabilt utstyr. Det er mykje kunnskap rundt om skulen, men det er alt for få som blir nytta og kanskje for mange som først og fremst har hengt seg opp i HA si overskrift “Kan gi dårligere utbytte”. Kva kan gje dårlegare utbytte? Ikt eller for sterk grad av individualisering. Det får kommande dokumentasjon vise
😉

Lars Magne Mauset
Stange Venstre

Klikk her for å komme til forsiden

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**