Høyring om Helse Førde sin strategiplan 2010-2020

På tingsetet i Sogndal 7. april var FU-sak 41/10 Høyring Helse Førde sin strategiplan 2010-2020 oppe. Venstre hadde saman med Høgre, KRF og FrP eit fellesframlegg til Fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Sykehuskorridor

Foto: © Lucian Coman | Dreamstime.com

1.
Fylkestinget kan ikkje godta at strategiplanen til Helse Førde vert basert på Samhandlingsreforma, som enno ikkje er vedteken av Stortinget. Det er framleis store ubesvarte spørsmål om innhald og gjennomføring av reforma. Det vert feil å gå til store endringar som byggjer på Samhandlingsreforma før ein kjenner til innhaldet og korleis finansieringsløysinga for reforma vert utforma.

2.
Fylkestinget går inn for at det skal oppretthaldast eit sentralsjukehus i Førde og lokalsjukehus på Eid og i Lærdal. Fylkestinget godtek ikkje kutt i dagens tilbod ved Sentralsjukehuset. Ei ordning som svekker sentralsjukehuset og gjev tre lokalsjukehus i fylket er uakseptabel, både i forhold til tilbodet til pasientane og i forhold til utdanning / rekruttering av helsepersonell til kommunane og helsetenesta generelt.

3.
Lokalmedisinske senter slik Helse Førde skisserer det i strategiplanen, er ikkje ei tilfredsstillande erstatning for lokalsjukehusa. Det er eit minimumskrav at lokalsjukehusa inneheld fødetilbod og akuttfunksjonar.

4.
Fylkestinget er godt nøgd med at Helse Førde legg inn driftsmidlar til rusposten på Eid og opprettheld psykiatrien. Fagkompetansen knytta til ambulansetenesta skal byggjast vidare ut og tenesta skal vera fylkesdekkande.

5.
Det er tydeleg at dei økonomiske rammevilkåra som ligg til grunn i dagens system, ikkje er tilfredsstillande for å levere eit godt nok helsetilbod til innbyggjarane i fylket, der tryggleik , kvalitet og nærleik til tenestene er avgjerande. Fylkestinget ber difor om at det vert tilført meir midlar til helseføretaket, slik at ein kan sikre eit desentralisert tilbod, med oppdatert medisinsk utstyr ved alle sjukehusa. Dette vil også være innanfor det regjeringa har lova i si regjeringserklæring

På nrk Sogn og Fjordane sine heimesider kan du sjå kva alle partia meinte og hadde som framlegg. Sjå her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**