Lokalpolitisk samling for DET PERFEKTE LOKALLAGET

Venstre inviterer til lokalpolitisk nettverkssamling i Kristiansand 1. og 2. mai. Les meir og meld deg på:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Til folkevalte i Agderfylka og lokallagsleiarar
LOKALPOLITISK SAMLING SAMAN MED ROGALAND,

Aust- og Vest-Agders fylkesvåpen

Foto: PNT

Kristiansand 1.-2. mai 2010
Gode lokallagsleiar og kommunestyre/fylkestingsmedlem,
her kjem eit tilbod om lokalpolitisk nettverkssamling på Kristiansand hotell, Dronningens gate i Kristiansand laurdag 1. og søndag 2. mai. Start laurdag kl 1000, slutt søndag kl 1600. Vi tar sikte på 25 frå Agder og 15 frå Rogaland på denne samlinga, som er i regi av Venstre nasjonalt.

Program:
Det perfekte lokallaget

LAURDAG
10:00 Viktige arbeidsoppgåver for Venstre i Agderfylka. Ved fylkesleiar Arnt Gunnar Tønnessen mfl.
13:00 Lunsj
14:00 Opningsinnleiing: Lokal suksess
14:30 Det perfekte lokallaget: Presentasjon og fordeling
14:45 Gruppearbeid: Korleis er det perfekte lokallag?
17:00 Kaffepause
17:30 Oppsummering av gruppearbeid og lekse til neste samling: Eitt eller to steg nærare det perfekte lokallaget der du bur
18:00 Q&A — ein uformell kunnskapskonkurranse om Venstre
18:30 Venstres organisasjon — kven gjer kva og korleis
20:00 Middag — med kåseri av Jens Vetland, tidlegare sjefredaktør i Fædrelandsvennen om valkampar med Bent Røiseland og Venstre framover

SØNDAG
09:00 Kvifor er mediearbeid viktig?
10:00 Korleis selge saker inn til media? Spissing av politisk bodskap. Presse- og mediearbeid.
12:00 Lokale nettsider og sosiale medier
13:00 Lunsj
14:00 Nominasjonsprosessar, listestilling og programarbeid
15:15 Kampanjearbeid — korleis drive kampanje?
15:45 Kampanjearbeid i grupper — finn lokale stridssaker
16:00 Heimreise

Pris:
(Hotellprisen er kr 1455,00, men Agder Venstre subsidierer)
Første deltakar frå lokallaget: kr 800,00
Andre og fleire deltakarar frå lokallaget: kr 1000,00
Dagpakke laurdag og søndag utan overnatting: kr 500,00 pr person

Påmelding til [email protected] innan 10. april for å få plass. Om det blir for mange, vil Agder Venstre prioritere ein frå kvart lokallag først.

Beste helsing
Jan Kløvstad
fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**