Innlegg av Marita Ramberg Røthe – Politisk nestleiar i Nord-Trøndelag Venstre
Dette utliknar utsleppa frå landbruket, stimulerer til nytenking og økonomisk vinning. Dette er ein vinn-vinn situasjon, både for bønder og straumkjøparar.
Byen Jühnde i Tyskland tok i 2001 kontakt med universitetet i Göttingen for å lage eit bio-gassanlegg basert på kugjødsel, korn og matavfall. Anlegget forsyner framleis heile byen med straum og varme. Dei produserer faktisk dobbelt så mykje som det dei har bruk for! Overskottsenergien sel dei vidare til det lokale kraftselskapet.
Jühnde er eit eksempel på at biogass eit godt alternativ til fossilt brennstoff.
Venstre meiner om dette skal vere muleg i Noreg, må Staten ta sin del av det økonomiske ansvaret ved oppbygging og vedlikehald av slike anlegg.
Det er ei kjennsgjerning at oljeeventyret ikkje kan vara evig; derfor må Staten støtte oppbygging av grøn energi, slik at vi kan minske bruken av fossilt brensel, og på kortare tid nå 2030-målet.
Som det miljøpartiet Venstre er, utfordrar vi dei andre politiske partia til å støtte grøn politikk!