Venstre står fast på nei til blokker i Barbu

Venstre seier nei til blokkene i Barbu når bystyret skal stemme 29. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Same standpunkt hadde vi også i fylkesutvalet nyleg. Venstre vil sjå heile strekninga frå Grandhjørnet til Fluet i samanheng. Vi har langt meir sans for tankar om badeland, park og andre forslag som ikkje stenger Barbu inne. Og så vil vi gjere det vi kan for å styrke busettinga i og rundt sentrum, – Blødekjær, Kittelsbukt, Kuviga, Fluet, Dauholla/Kunnskapshavna og midt i bykjerna. Vi treng ein levande by med folk, og folk treng grønne friareal og møteplassar.

Øystein Haga og Jan Kløvstad

Gruppeleiararar for Venstre i fylkestinget og Arendal bystyre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**