Kvinnherad Venstre gjorde eit godt val sist kommuneval og har ambisjonar om å halde fram på dettte nivået. Det er på tide å summera opp kva vi har fått gjennomført av det vi gjekk til val på, og bygga vidare på dette. Venstre har mange gode løysingar i sentrum og vi ynskjer at fleire av medlemmene deltek i arbeidet med nytt program. Ta kontakt med Kjell Yri eller leiar Kristian Bringedal om du ynskjer å delta aktivt med programarbeidet. Å delta i programarbeid er viktig for lokaldemokratiet -og du er med dette utfordra til å delta!
Programarbeid for kommunevalet 2011
Programnemnda har sett i gong arbeidet med program til kommunevalet 2011 og leiar i nemnda er Kjell Yri.