– Vi har, som før nemnt frå Venstre her i bystyret, formannskapet og planutvalet, stopre sosiale forskjellar i Arendal. Vi må heile tida forsøke å bidra til å ha variert busetting i alle område i kommunen. I alle eksisterande og nye bustadfelt må det vere rom også for folk som ikkje har råd til dei største husa og dei flottaste eigedomane. Dette må vi aldri gløyme når vi behandlar reguleringsplanar.
Planen viser at det er tre viktige faktorar som kan redusere tal gode leveår: det er tobakk, fysisk inaktivitet og lågt utdanningsnivå. Dette viser at det er vikig å kjempe for ein god skole og meir utdanning for alle, same kva nivå vi er på i utgangspunktet, sa Jan Kløvstad og tilrådde planen med tilleggsforslag Irene Henriksen Aune la fram på vegner av innvandrarrådet.