Venstre vil fryse politikarlønn ut perioden

– Venstre foreslår å få ei eiga sak til bystyret, og at bystyret vedtar at vi IKKJE skal ha meir i godtgjersle i 2010 og 2011 enn i 2009, sa Jan Kløvstad i bystyret i i mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


– I eit formannskapsmøte i fjor foreslo ordføraren å fryse lønningane, og det blei stadfesta av varaordføraren frå bystyrets talarstol. Når administrasjonen nå viser til desse antydningane, men at det ikkje er fatta vedtak er det på tide å stadfeste haldningane med eit klart og utvetydig vedtak. Vi må lojalt følge dei signal vi sjølve har gitt så klart i det offentlege rom. Vi treng ikkje høgare lønn, sa Jan Kløvstad i bystyret i dag.

I formannskapet 22. april tok Høgres Irene Henriksen Aune opp Venstres forslag frå sist bystyremøte, men Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti kom i mindretal. – Vi skjerer ned på eldreomsorgen og vi aukar eigedomsskatten. Da skal vi sjølve også vise moderasjon, og stemme for å halde godtgjerdslene våre på det nivået vi har nå. I utgreiingsarbeidet i slutten av forrige bystyreperiode gjekk Venstre opprinneleg inn for eit nivå som var om lag 20% lågare enn det fleirtalet vedtok. Nå Må vi i alle fall halde oss på det nivået vi har, og ikkje auke med verken småslantar eller store summar, sa Venstre.

Venstre og Høgre fekk berre med seg 19 av dei 39 representantane i forslaget om å stå ved det politisk leiing har sagt i formannskapet og bystyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**