Helse Førde satsar vidare på mislukka strategi

Får styret i Helse Førde viljen sin med å legge ned lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid vil det vere eit løftebrot frå den raudgrøne regjeringa. Dersom regjeringa ikkje held lovnaden sin er eg redd vi om ti år sit att med eitt stort lokalsjukehus i Førde som etter kvart misser sentralsjukehusfunksjonane sine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

 Fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter

Fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter

Dei av oss som hugsar eit par år tilbake hugsar styret sin argumentasjon for korleis økonomien i Helse Førde skulle rettast opp. Berre ein fekk legge ned sengeposten på Florø sjukehus skulle problema løysast. Sidan har underskotet vakse til nærare 100 mill. Kva blir det om styret får legge ned sjukehusa i Lærdal og på Eid? For om det aldri så mykje vert kalla omdanning til lokalmedisinsk senter så blir konsekvensen ei nedlegging og forringing av tryggleiken og spesialisthelsetenestene våre.

Venstre vil at vi skal bygge opp, ikkje rive ned tenestetilbodet. Vi treng betre tilbod til rusmisbrukarar, psykiatripasientar og revmatikarar for å nemne nokre. Rusposten på Eid må takast i bruk snarast utan at akuttfunksjonar skal leggast ned.

Når styret med Clara Øberg og Harry Mowatt i spissen vil sentralisere spesialisthelsetilbodet blir verknaden at spesialistar på Eid og i Lærdal tenker seg om fleire gonger for om dei skal satse på noko som kan bli borte om kort tid. Uvissa har alt ført til at mange har takka for seg, eller ikkje søker arbeid i vårt fylke. Trass i fagre lovnader frå den raudgrøne regjeringa ser vi ikkje så mykje til kompetansearbeidsplassane dei har lova å skape. Det vil bli færre av dei med den medisinen styret gjer framlegg om.
Særleg vil det gå ut over dei mange kvinnearbeidsplassane vi har i spesialisthelsetenesta. Det kan ikkje Venstre akseptere.

Venstre vil ha på plass samhandlingsreforma før ein vil vurdere eventuelle endringar i spesialisthelsetilbodet. For innbyggjarane og næringslivet vil vi ha lokalsjukehusa med akuttfunksjonar, og eit velfungerande sentralsjukehus. Så får Ingrid Heggø, Tor Bremer og Erling Sande syte for at regjeringa ikkje gløymer lovnadane frå stortingsvalkampen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**