Politisk Uttale JA TIL FISK! – VENSTRE VIL VERNE MØRESOKKELEN

[NB: Rett dato er 16. mars 2010] Venstre ønskjer ei forvalting av havområda utanfor norskekysten som tek omsyn til fiskeressursar og miljø. Vi er difor sterkt i mot at regjeringa no har opna for oljeleiting på utanfor Mørekysten. Dette er dei viktigaste gyteområda for sild langs kysten vår og her finst sårbare korallrev. I desse områda må fiskeri- og miljøinteressene komme føre oljeinteressene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Olje- og energidepartementet utlyste 19. februar fleire omstridde områder utanfor Mørekysten for oljeleting. Dette har regjeringa gjort mot dei faglege råda til sine eigne statlege miljøetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT). Også fiskerinæringa har markert sterk motstand mot leiteboring utanfor Mørekysten. Både fiskarar og forskarar er samde om at gyteområda utanfor Møresokkelen må fredast for oljeleiting og oljeboring.

Havforskingsinstituttet slår fast at dei utlyste blokkane ligg midt i viktige gyteområde for silda. Her finn vi også store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Næraste nabo til oljeaktiviteten blir fuglefjellet på Runde.

Venstre vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene utanfor Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som no — mot betre vitande — gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige miljøinteresser.

Venstre vil ha petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta våre utanfor norskekysten, mellom anna på Møresokkelen. Det er ingen som kan garantere for at eventuell oljeleiting kan gå føre seg utan at det blir øydeleggjande for rogn og fisk.

Folk langs kysten vår har hausta frå gyte- og fiskefelta i Lofoten og på Møresokkelen i uminnelege tider. Vi må forvalte desse ressursane slik at også framtidige generasjonar kan hauste av dette matfatet rett utanfor kysten vår.

Vedtatt på møte i Fylkesstyret

Vestnes 15/3-2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**