Ja til fisk – Venstre vil verne Møresokkelen

Venstre ønskjer ei fornuftig forvalting av havområda utanfor norskekysten som tek omsyn til fiskeressursar og miljø. I dei nye områda utanfor Mørekysten der regjeringa no har opna for oljeleiting, finn vi dei viktigaste gyteområda for sild langs kysten vår og her er dessutan sårbare korallrev. – I desse områda må fiskeri- og miljøinteressene komme føre oljeinteressene, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal Venstre Jens Johan Hyvik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Fisk sild

Foto: © Alexander Mychko | Dreamstime.com

Olje- og energidepartementet utlyste nyleg fleire omstridde områder utanfor Mørekysten for oljeleting. Dette har regjeringa gjort mot råda til eigne statlege fagetatar, mellom anna Havforskingsinstituttet og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare SFT). Også fikerinæringa har markert sterk motstand mot leiteboring utanfor Mørekysten. Både fiskarar og forskarar er samde om at gyteområda utanfor Møresokkelen må fredast for oljeleiting og oljeboring.

Dei utlyste blokkane ligg midt i gyteområda Norsk vårgytande sild. Her finn vi dessutan store førekomstar av sårbare kaldtvasskorallrev. Næraste nabo til oljeaktiviteten blir fuglefjellet på Runde:

Jens Johan Hyvik

Jens Johan Hyvik
Foto: Jørn Olav Løset

– I valet mellom olje på den eine sida og fiskeri og miljø på den andre, vil Venstre vil prioritere fiskeri- og miljøinteressene utanfor Mørekysten. Vi er djupt skuffa over regjeringa som no — mot betre vitande — gamblar både med store og fornybare økonomiske interesser for fiskerinæringa og viktige
miljøinteresser, seier Hyvik.

Venstre vil ha petroleumsfrie soner på dei viktigaste gytefelta våre utanfor norskekysten, mellom anna på Møresokkelen:

– Folk langs kysten vår har hausta frå gyte- og fiskefelta på Møresokkelen i uminnelege tider. Vi må forvalte desse ressursane slik at også framtidige generasjonar kan hauste av dette matfatet rett utanfor kysten vår, avsluttar Hyvik.

Les uttalen frå Fylkesstyret her

til underskriftsaksjon her.

Les dokumentet “[eksternlink#https://www.venstre.no/files/moreogromsdal/moreogromsdal/Ja til fisk.pdf]Ja_til_fisk[/link]” (pdf).

Test brosjyre

Test lenke

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**