Ja til kyst og fjord, nei til monstermaster

Hordaland Venstre ynskjer å ta vare på kyst- og fjordlandskapet i Hardanger og Nordhordland og å ta omsyn til dei som bur der. Difor seier vi kontant nei til monstermaster, og ja til kabel i sjø og jord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Natur, fjell, hav, kyst, fisk

Statsnett sine planar om nye luftspenn på 420 kv frå Sima i Eidfjord til Samnanger, og frå Kollsnes til Mongstad med master på opptil 45 meters høgde, har vekt ein voldsam tverrpolitisk motstand i dei råka kommunane.

Hordaland Venstre meiner at det er ei nasjonal interesse å forsvare unike kyst- og fjordlandskap, samt næringsgrunnlaget og bukvaliteten for innbyggjarane i dei råka områda. Det er òg avgjerande å ta omsyn til lokaldemokratiet.

Hardanger

Alle fakta på bordet!
Frå eksperthald er det sådd tvil om ein faktisk treng dei nye kraftleidningane, og det må såleis gjennomførast ein skikkeleg gjennomgong av alle fakta før ein konkluderer.

Dersom energiforsyninga krev at ein byggjer nye kraftleidningar, er det berre jord- eller sjøkabling som kan aksepterast.

Kabling kan også kombinerast med andre samfunnsnyttige prosjekt. Til dømes vil det vere fornuftig om ein i arbeidet med å realisere Hardangertunnelen kan gjere denne til ein felles veg- og krafttunnel. I samspel med sjøkabling til Norheimsund vil dette vere den mest miljøvenlege og samfunnsnyttige løysinga for kraftoverføring frå Sima til Samnanger.

I tillegg til at unike naturområde har ein eigenverdi, har dei også ein stor verdi for turistnæringa. Dette er ei verdiskaping som kjem heile Hordaland til del, og Hordaland Venstre ynskjer ei satsing på denne viktige næringa for fylket vårt. Då er ikkje monstermaster ein del av løysinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**