Venstre stemte for folkeavstemming i Løddesøl krets

– Venstre har frå første dag gått inn for at folket på Løddesøl sjølv skal få bestemme om dei vil vere i Arendal eller flytte over til Froland, sa Venstres Jan Kløvstad i formannskapet torsdag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Han la vekt på at mange har skrive under på krav om folkeavstemming, og at det er viktig at folk får bruke samfunnsengasjementet sitt der dei kjenner seg best heime. Han viste til at mange frå Løddesøl er like aktive i fritida i Froland som i Arendal, og også at dei sosiale banda er slik at mange frå Løddesøl giftar seg med frolendingar. Slike ekteskapsstatistikkar er gjerne gode målingar på kor folk kjenner seg heime, sa han, og viste til Laget krets i Tvedestrand der folk oftast gifter seg med folk på Risørsida av grensa.

Venstre viste til generell dårleg kommuneøkonomi, og at dei store utbyggingane i Froland nå kan gi like stor gjeld pr innbyggar som i Arendal. Akkurat nå har Froland betre råd, ikkje minst grunna store kommunale investeringar i Arendal som heile regionen har nytte og glede av. Å miste 7-800 innbyggarar til ein annan kommune vil gi stor nedgang i overføringar frå staten til Arendal kommune, og det kan gå utover omsorg og oppvekst i Arendal-

Venstre stilte spørsmål om Arendal har gjort godt nok arbeid med og for Løddesøl. – Har vi god nok kvalitet i skolen, god nok kvalitet i barnehagen? spurte han.

Og Venstres konklusjon var klar: Om folk ber om folkeavstemming i slike spørsmål er Venstre sitt svar JA.

Les meir i Arendals Tidende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**