Venstre i Voss stadig aktiv i lokalpolitikken!

Infobrevet for januar og februar frå Voss Venstre fortel m.a. om fleire V-framlegg i formannskapet, med tilhøyrande bra oppslag i lokalavisa “Hordaland”. Laget har elles m.a. gjort eit utspel for å få fleire til å betala kontingent.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Etter ein litt roleg periode i første del av januar, auka aktiviteten både i lag og arbeid med kommunalpolitiske saker i tida fram til utgangen av februar.

Gruppe-/og styremøte: 19.jan. stod årsmøteopplegget i sentrum, mens 9.feb. var det kommunestyresaker som blei drøfta..

8.febr. – eit vellykka årsmøte! Eit perspektivrikt foredrag ved Erik Sølvberg førte til omfattande diskusjon om Venstres veg framover. Orienteringar ved Knut Robberstad og Sissel Mugaas Bjørkhaug gav informasjon om og idear til næringsutvikling. Sjølve årsmøtesakene gjekk raskt unna. Kjell Stavenes gjekk ut av styret etter mange år som kasserar, og Torbjørn Bjotveit blei ny medlem. Dvs. at Knut Olav Nestås som leiar, og Anne-Jorunn Ryum Møen, Geir Inge Kvitne og Torstein Gunnarson held fram i styret.
Sjå elles oppslag på heimesida til Venstre, og i "Hordaland" for 6. mars.

Innbetalingskort for kontingent er no komne frå Venstre sentralt. I tillegg er det sendt eit eige brev til dei som ikkje har betalt siste par åra, og til ein del sympatisørar som vi vonar vil bli medlemer. Vonleg får vi fleire betalande medlemmer i 2010!

Hordaland Venstre hadde årsmøte 6.- 7. febr.. Anne-Jorunn Ryum Møen, Torstein Gunnarson og Jostein Vandaskog representerte Voss laurdag 6., mens Jostein V. var åleine søndag 7.. Stort frammøte, engasjerande debattar — til å bli inspirert av!

Den samlande og overordna kommuneplanen er no under ajourføring/rullering, og plan for 2011 — 2022 skal vedtakast til hausten. Ulike arbeidsgrupper er i gang, og Torstein G. i arbeidsgruppa for "Næringsutvikling, arbeid og integrering", Anne-Jorunn R.M i arbeidsgruppa for "Kultur", og Rolf Abrahamsen i gruppa for "Samferdsel" tar med takk mot innspel!! Arbeidsgruppene skal levera sine framlegg i midten av juni.

Formannskapet (FPL) har hatt møte 13.01, 04.02 (og 03.03.). I januarmøtet var det særleg mykje diskusjon om 2 saker; bygging av nytt hus ved prestegarden for prestekontor (som dermed ikkje blir plassert i det nye kulturhuset), og om bomstasjon m.v. på grensa mot Granvin. Eit Venstreforslag om grundigare utgreiing av prestekontorsaka, fekk tilslutning av 2 frå Sp, men fall. Av omsyn til dei som bur på Bulko og hytteeigarar på Stuaset/Holo fremja Venstre eit framlegg om ny vurdering av bomstasjonplasseringa, alternativt ny vurdering av bompengar. Dette fekk klart fleirtal. Ved etterlysing av denne saka i FPL 03.03 blei det sagt at dersom bomstasjonen skal få endra plassering, må heile "Vossapakko" opp att i Stortinget, dvs. utsetjing. Så då får vi vona på bompengeselskapet!.

Dei fleste "store" sakene i FPL 4. febr. galdt innstilling til kommunestyremøtet 17.febr.. Men både her og i KST-møtet var det omfattande diskusjon om:
– skattenivå m.v. for eigedomsskatt Venstre stemte, som det store fleirtalet i kommunestyret, for adm. sin framlegg om 2,1 promille for bustadar, og 7 promille for næringseigedomar. I KST-møtet fremja så H og Frp krav om "lovlegkontroll" av vedtaka om eigedomsskatt. Dette medførte nytt KST-møte 24. febr. der eit stort fleirtal avviste kravet. Saka går til Fylkesmannen.
– Kjøp av Stor-Bergen boligbyggelags 50% aksjar i Voss bustadutvikling. Selskapet eig no Helsehuset og Enkjeheimstomta. (Samr.) V ’s forslag om ei brei utgreiing om kommunen sitt arbeid med tilrettelegging av tomtetilbod for næring og , bustadar og arbeid med tettstadutvikling, blei lagt ved protokollen.
– Godkjenning av planprogram for utgreiing om ny utgang i/ved Lundarosen for tunnellen bak Vangen. Alle alternativ blir greidd vidare ut.
– Vedtak av kommunedelplan for Myrkdalen. Dvs. ein samla plan for ei svært omfattande utbygging av fritidsbustader, skitrekk m..v dei neste 20-30 åra.
Venstre stemte for.

Etter utsetjing i KST 10.febr. var det så stor debatt den 17. om kommunal tilskot til ein permanent kulekjøringsbakke i Myrkdalen. Som kjent skal det vera fristil-World Cup her neste par åra og så VM i 2013. Debatten gjekk mest på mangelen på opplysningar i første saksutgreiinga, m.a. om bruken av tidlegare tilskot til arrangementa, og at saksbehandlar i administrasjonen også er styremedlem i arrangørselskapet for VM. Anne-Jorunn R.M uttrykte at dette var svært kritikkverdig. Venstre støtta vedtaket om 500.00 (mens MKU hadde tilrådd 700.000)

MKU, dvs. utval for miljø og kultur, hadde elles store utfordringar då utvalet i januar prioriterte anlegg for tippemidlar. Ikkje berre VM i fristil, med Voss ski- og tursenter i Skutle-/Herresåsen treng store midlar for tilrettelegging av NM på ski i 2012, og Skytebaneanlegget på Bjørke til Landsskyttarstemnet i 2012! Også ved tildeling av midlar av nye budsjettpostar til "Tilskot nyskaping/fyrtårnprosjekt", "Marknadsføring kultur og reiseliv" og generell styrking av midlar til kulturlivet sett i høve til tidlegare tilskotspostar, må MKU (og delvis Utval for næring og tiltak, NTA) ha "tunga beint i munnen"!

Ut frå diskusjonen i NTA-møtet 03.03 og i FPL 03.03 vil det nok i kommunestyremøtet 18.mars bli ei viss tautrekking om korleis midlar frå kraftfondet skal disponerast.

Vel kanskje ikkje så interessant for folk flest, men det er eit viktig punkt i samband med ei sak om støtte til selskapet Voss eigedom — som er ei av kommunestyresakene vi skal drøfta på gruppe-/styremøte tirsdag 16.mars kl. 19. 40 i Kyrkjebø hos Torstein Gunnarson.

Innspel om aktuelle spørsmål? Lyst å delta på møtet 16.mars? Ta kontakt!

Mvh.
Torstein Gunnarson, gruppeleiar Knut Olav Nestås leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**