U-864 skal fjernast!

Ubåten skal opp, kvikksølvet takast hand om og framtida tryggjast. Gifta må handsamast ein gong for alle, ikkje feiast under teppe!. Dette seier Rolf Nesheim, fylkesstyremedlem i Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Dette er ei særs alvorleg nasjonal og internasjonal sak som omhandlar nordsjøbassenget, trugsmålet mot miljøet og Noreg sitt truverd – både som fiskerinasjon og som miljønasjon.

Før stortingsvalet kom regjeringa med den etterlengta gladmeldinga om at ubåten skulle hevast, og at det ikkje skulle stå på pengar. Etter valet sår regjeringa tvil om eigen lovnad gjennom ein rapport frå eit enkeltmannsføretak som har konkludert med at Mamoet, med ei årleg omsetjing på nærare 100 milliardar kroner, ikkje har tilstrekkjeleg kompetanse og økonomisk ryggrad, til å ta på seg oppgåva med å fjerna ubåtvraket. Trass i at dei har heva Kursk, og at Det Norske Veritas har kvalitetssikra arbeidet deira.

Rapporten talar om ein kostnad på 1,2-2,2 milliardar kroner mot tilbodet frå Mamoet på omlag 500 mill kroner. Vi er samde med regjeringa om at pengar ikkje kan vere det avgjerande i denne saka når vi i tillegg til fiskeri og miljø også skal ivareta vårt omdømme som reiselivsmål.

Vi meiner regjeringa skal halde fast ved lovnaden om å heve ubåten istaden for å dekkje han til. Gjer det rette og fjern ubåten!

Arild Raftevoll
Leiar Askøy Venstre

Rolf Nesheim
Styremedlem Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**