Kvifor sette så mykje på spel i Verma-utbygginga?

[Lesarinnlegg. Arne Steffen Lillehagen og Gunn Berit Gjerde.] Det er svært uheldig at Rauma Energi greidde å få med seg heile Mørebenken og SV på lasset i ein omkamp om verneplanen for Rauma-Ulvåa — og dermed også ein omkamp om den generelle verneplanen for vassdrag her i landet. Gevinsten dei kan hente ut er omlag kapasiteten til eit ett ell to småkraftverk. Vel og merkeviss dei får med seg fleirtalet på Stortinget. Det trur vi ikkje dei gjer. Heldigvis!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vi får håpe at Mørebenken ikkje har tenkt seg så veldig lenge og grundig om før dei slutta seg til Rauma Energi sin omkamp om verneplanen tidlegare i år. Vi aner at Jenny Klinge i SP kanskje tenkjer annleis etterkvart. Måtte berre alle snu slik at vi kan få ei fornying av Verma kraftverk som både gir mykje meir kraft og let verneplanen vere i fred. Det er utarbeidd planer som gjer at kraftverket kan produsere nesten like mykje kraft som Storhaug-alternativet utan å gripe inn i dei områda som er omfatta av verneplanen.

Venstre har kome med klar tale i alle åra det har vore snakk om Storhaug-alternativet som Rauma Energi vil ha. Vi godtar ikkje at verneplanen blir tukla med, men vi helsar velkomen ei fornying og endring som gir meir kraft utan å rokke ved verneplanen!

Vi må også få lov å rose ordførar Torbjørn Rødstøl som også har vore krystallklar i denne saka. Han har vist at han kan forvalte andre verdiar enn dei han kan direkte rekne om i kroner og ører for kommunen. Kanskje han får like mykje att i reiselivsamanheng som han ville ha fått att i indirekte inntekter frå Rauma Energi for nokre få kwh meir. Rauma kommune er ein stor reiselivskommune. Naturvern er viktig i denne samanheng, i nasjonal samanheng for å ta vare på det biologiske mangfaldet og for folk som er fastbuande i Rauma. Alt skal ikkje vere til sals !

Venstre har peika på andre måtar å skaffe meir kraft til fylket slik at grensene fir eige prisområde kan viskast ut og kraftprisane blir som elles i landet.

Arne Steffen Lillehagen, Gruppeleiar i Rauma Venstre
Gunn Berit Gjerde, gruppeleiar i Møre og Romsdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**