Meiningslaust å fyre opp dei mobile gasskraftverka

– Det er meiningslaust å fyre opp dei mobile gasskraftverka no, seier Gunn Berit Gjerde. Dei siste dagane har fleire politikarar og andre teke til orde for å fyre opp gasskraftverka på grunn av dei høge straumprisane. Statskraft ønskjer no å klargjere dei mobile anlegga slik at dei kan starte produksjon på kort tid. Gjerde tek i eit intervju med Sunnmørsposten i dag til motmæle.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


– Slike gasskraftverk er noko av det mest forureinande vi har. Og vi veit slett ikkje om det vil gjere noko frå eller til med kraftprisen om dei vert sette i gang.

Gunn Berit Gjerde

Foto: Venstre

I følgje dagens retningslinjer må risikoen for rasjonering vere over 50 % for at kraftverk skal bli fyrt opp. Gjerde minner om at risikonen dag berre er 10 %.

– På meg verkar det som om også sentrale Ap-politikarar fullstendig har mista hovudet. Dette er eit gufs frå fortida. Det kan sjå ut som om panikken breier seg, seier ho.

Gjerde peiker på at det viktige no er å fokusere på at kraftlinja Fardal-Ørskog må bli bygd, men ein er nødt til å ta seg råd til at det skjer på ein miljøvenneleg måte. Då vil utbygjinga også gå mykje raskare peiker ho på. Så eiga sak.

Kjelde: Sunnmørsposten 26. februar (papirutgåva)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**