andre frå kommunane, frå interkommunale organ, næringsorganisasjonar og frivillige organisasjonar.
Venstre stiller sterkt i møtet. Fylkestingsmedlemene Melinda Kvinlaug, Øystein Haga, Astrid Bekkenes og Anne Midtlien (vara for Marianne Sigurdson Lyngvi) er her, ordførarane Hans Antonsen og Reidar Gausdal er på plass, og fylkessekretær Jan Kløvstad er med.
Også Line Øvernes Mørch, kommunestyremedlem i Tvedestrand og leiar i Friluftsrådet Sør og Aslak Heim Pedersen i Arendal Venstre er her, som leiar i Aust-Agder Idrettskrets. Venstremedlemene hadde felles lunsj og ser nå fram til debatten, der Venstre vil hevde samarbeid, demokrati, folkemakt og åpne prosessar som det viktige i vegen fram mot eit samla slagkraftig, miljøvennleg, effektiv og demokratisk landsdel.
Fylkesrådmann Arild Eielsen (Aust-Agder) går nå gjennom styringsgruppas arbeid, om stortingsrepresentasjon, gjeldsutvikling (det ser nå ut som lånegjeld pr innbyggar er noenlunde lik mellom fylka i åra framover), konsesjonskraftinntekter, bindingar på bruk av konsesjonskraftinntekter, korleis ta vare på distrikta, folkeavstemming, opplegg for høyring (høyring fram til juni 2011 med fylkestingsbehandling i juni), framdriftsplan med og utan folkeavstemming.
Fylkesordførar Thore Westermoen, Vest-Agder, åpna debatten og la vekt på effektivisering og større slagkraft. Fylkesordførar Laila Øygarden forsvarte nei-standpunktet sitt, som ho seier ho har i alle fall til utgreiingsarbeidet er ferdig.
Grimstadordførar Hans Antonsen blir sentral i debatten. Les heimesida til NRK Sørlandet nå.
Fylkesutvalsmedlem Øystein Haga, Venstre, viste til regionplanen “Med overskudd til å skape”, en plan for hele Agder. – Vi må ta skrittet helt ut ogs akpe det gode livet på hele Agder. fra Flekkefjord i vest til Risør i øst stiller Venstre seg samla sammen om ett Agder, to universitetsbyer, tre sykehus og en firefelts veg til å forbinde det hele. Vi må gi makta tilbake til folket, til et samla fylkesting. Vi skal skape en slagkraftig landsdel. Står vi sammen, som vi gjorde i kampen for ny veg Kristiansand-Grimstad og for universitetet. Da må vi alle være med, ikke overlate debatten til små lukka grupper. Vi må ha en åpen debatt fram mot en folkeavstemming som kan gi et klart ja-flertall. Gårsdagens undersøkelse i Agderposten viser at det er mulig å få et ja, med en positiv og åpen debatt.
Nå går Hans Antonsen på talarstolen, og startar med å vise til at 92,5% av Venstre vil ha eitt samla fylke. -Vi skal ta folk på alvor. Når mange, særleg i Aust-Agder vil ha folkeavstemming, skal vi gi dei det. Målinga i Agderposten i går viser 55% mot og 45% for. det handlar om 2500 menneske som skal skifte meining. Er du politikar og ikkje har tru på at du kan påverke 2500 menneske, da bør du finne deg noe anna å gjere.
Dei tre viktige argumenta for eitt fylke er
– eit effektiv demokrati med direkte folkevalt styring
– sterkare identitet, ikkje ein oppsplitta og delt landsdel
– vi skal bygge ein sterk og moderne landsdel.
Vi står for svakt i dag, vi er ikkje så sterke i landssamanhang som Thore Westermoen ga inntrykk av. – Eg har tru på at ei folkeavstemming vil gi eit ja for ein samla landsdel, sa Grimstadordførar Hans Antonsen, som også minna om at det utmerka godt kan bli ja-fleirtal med berre 30% ja i Arendal, utfrå dei meiningsmålingane som er komne til nå.
Line Øvernes Mørch, kommunestyremedlem i Tvedestrand og leiar av Friluftsrådet Sør sa at ho likar seg i rådet, men at slike interkommunale komitear er eit demokratisk problem. mellom fylka er det mange slike udemokratiske råd. Det er like greit å slå saman fylket, også for å bli kvitt mykje av surret i politisk-administrative komitear utan direkte folkevalt styring. Vi i Venstre vil ha folkevatsemming. Vi kan ikkje unngå folkevastemming fordi noen ikkje har lyst til å hølyre det rådet folket vil gi.