Monsterlinja: Taktikk eller fakta?

Ingen fleire småkraftverk kan byggjast i Sogn og Fjordane, for linjenettet kan ikkje ta mot meir. Dette hevdar Statnett og fleire andre innan elforsyninga. Men mykje tyder på at stortingsrepresentant Bjørn Lødemel har rett i at dette er meir politikk enn fakta. Kanskje dette er eit taktisk spel for å ta knakken på den breie folkelege motstanden mot den nye monsterlinja på 420 kV gjennom fylket?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Kart Ørskog-Fardal

Kart Ørskog-Fardal

Lat oss ta utgangspunkt i stoda i fylket på slutten av 70-talet. Då var dei store kraftutbyggjingane i fylket gjennomførde. Ålmennforsyninga var god, og i Årdal, Høyanger og Svelgen var det kraftkrevjande industri basert på lokalprodusert kraft. Frå ytre Sogn vart store kraftmengder førde til Bergen, og frå indre Sogn vart mykje meir send til Oslo og Østfold. Og det var linjer nok til krafta, ja meir enn det. Frå Sogn og Fjordane Kraftverk vart det med styrke hevda at dei var i ein særs gunstig posisjon i tilfelle utbyggjing av Gaularvassdraget. Krafta derifrå (1100 GWH) kunne koplast rett på hovudlinja på 132 kV som kryssa dalføret.

Kva har så skjedd i ettertid ?
Når det gjeld ny kraftutbyggjing, har det skjedd lite. Dei største prosjekta på strekninga til den nye monsterlinja er Vetlefjorden og no Kjøsnes som til saman gjev vel 400 GWH.
På linjenettsida har det derimot skjedd svært mykje sidan 70-talet.

Fyrst kom det ny 132 kV linje frå Vetlefjorden kraftverk og nordover til Skei. Då heitte det seg at det var uråd å byggje linja mot sør. Men so snart Vetlefjorden kraftverk stod der, var det straks problemfritt å forlengje denne linja vidare sørover og knyte ho saman med stamnettet i indre Sogn. Altso eit reint politisk spel.

Dessutan vart nettet i midtre deler av fylket forsterka med opprusting til 132 kV linje frå Skei til Stakaldefossen ved Moskog, og heilt ny 132 kV linje gjennom Sundsdalen til Sande og vidare til Fjaler.

Det er truleg fleire enn meg og Lødemel som undrar seg storleg på at det ikkje er plass til nokre mini- og småkraftverk på dette særs omfattande systemet.

Dei fleste anlegga under planleggjing ligg dessutan i deler av Sogn der det er linjer nok. Om det trengs meir linjer til å frakte ut krafta frå anlegga rundt Jølstravatnet, er det lokale 20 kV og kanskje 66 kV linjer som trengs.

Ottar Hov

Ottar Hov

Når ein som lekmann studerer kraftlinjekartet som Statnett har gjeve ut i samband med planleggjinga av monsterlinja, er det ting som fell i augo: Hovudnettet er ikkje knytt heilt saman. Innimellom manglar det nokre stubbar, dei kraftige 132 kV linjene er nokre stader knytte saman med stubbar av svakare linjer. Det gjeld mellom anna på strekninga Sande — Vadheim og opprusting vidare til Høyanger. Og det gjeld opprusting frå Bø i Stryn til Leivdal i Eid frå 66 til 132 kV.

Berre eitt scenario får meg til å tru at ein kanskje treng meir overføringskapasitet for elektrisk kraft i Sogn og Fjordane: Om ein legg ned all industriell produksjon i Årdal, Høyanger og Svelgen og flytter det til Sunndalsøra. Men er det ikkje meiningslaust å flytte aluminiumsproduksjonen frå ein stad i landet til ein annan berre for di det gjer produksjonen litt billegare ? Særleg dersom ein reknar inn kostnaden med å flytte krafta, altså nye linjer og overføringstap.

Ottar Hov i Gaular Venstre hadde onsdag 17. februar dette lesarinnlegget i Firda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**