Ja til kyst og fjord, nei til monstermaster

Radøy Venstre ynskjer å ta vare på kyst- og fjordlandskapet i Hardanger og Nordhordland og å ta omsyn til dei som bur der. Difor seier vi kontant nei til monstermaster, og ja til kabel i sjø og jord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Statsnett sine planar om nye luftspenn på 420 kv frå Sima i Eidfjord til Samnanger, og frå Kollsnes til Mongstad med master på 45 meters høgde har vekt ein voldsam regional motstand, og ein er tverrpolitisk mot planane i dei kommunane som vert råka. Radøy Venstre meiner at det er ei nasjonal interesse å forsvare unike kyst- og fjordlandskap i eit naturvernperspektiv, men understreker også at det er avgjerande å ta omsyn til lokaldemokratiet og innbyggjarane.

Det er sådd tvil om behovet for desse nye kraftledningane frå eksperthald, og ein bør difor ha ein skikkeleg gjennomgang før ein konkluderar. Hvis det likevel er naudsynt å byggje nye kraftledningar av omsyn til energiforsyninga, er kabling i sjø og jord det einaste alternativet Radøy Venstre vil akseptere.

For å få lagt til dømes strekninga Kollsnes-Mongstad i kabel vil meirkostnaden vere om lag 350 millionar dyrare i følgje Statsnett. Det er usikkert om dei tala som Statskraft oppgjer er rette, men dersom dei er det, er prisen om lag det same som prosjektoverskridingane til den nye Hollmenkollbakken. Har Noreg råd til det, har ein også råd til kabel framfor luftspenn på Vestlandet.

Dersom olje- og energiminister Terje Riis Johansen vel å gje konsesjon til dei planlagde luftspenntraseane, har han gjort knefall for særinteressene og svikta distriktene på Vestlandet. Dette vil i så fall vere grunnlag for mistillit etter Radøy Venstre si meining.

Fråsegn som årsmøtet i Radøy Venstre vedtok, og som også vart oversendt og vedteke på Hordaland Venstre sitt årsmøte

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**