Inspirerande årsmøte i Voss Venstre!

Årsmøtet i Voss Venstre 8. febr. hadde interessante og inspirerande orienteringar og ein god debatt! Dei vanlege årsmøtesakene gjekk raskt unna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Samfunnet treng eit sosialliberalt parti med klår ideologisk ståstad!
Dette var konklusjonen i eit inspirerande og utfordrande foredrag til tidl.rektor ved Voss gymnas, Erik Sølvberg, på årsmøtet i Voss Venstre.

Sølvberg meiner dagens politikk i stor grad er prega av administrering av tidlegare standpunkt, eller kortsiktige og populistiske standpunkt. Stor vekt på marknadsstyring har ført til større sosiale og økonomiske ulikskapar. Kravet om målbare resultat fører til stadig meir kontroll og tilsyn. Folkestyret forvitrar — marknaden, domstolane og massemedia får meir og meir makt.

Treng langsiktig politikk
Noreg treng ein langsiktig politikk, der standpunkta i vesentlege saker byggjer på ein klar ideologisk ståstad. Denne rollen har Venstre hatt i mange tiår, og Noreg treng eit parti som fører denne politikken vidare! No gjeld dette ikkje minst i høve til miljø, innvandring, overvaking og skule. Her må Venstre invitera andre parti til til meir grunnleggjande tenking omkring utfordringane.

På årsmøtet orienterte elles Knut Robberstad om eit nasjonalt program for næringsutvikling gjennom etablering av "næringshagar", og om eit langvarig arbeid for å få etablert ein slik på Voss. Dette er no pårekna vil skje i vår. Sissel Mugås Bjørkhaug orienterte om arbeidet med "Kvinnovasjon", eit arbeid innretta mot å få fleire kvinnelege "gründarar", der det no m.a. er ei prosjektgruppe på Voss.

42020 Voss 2

Attvald på Knut Olav
Ved årsmøtet vart Knut Olav Nestås attvald som leiar. Kjell Stavenes gjekk ut av styret etter mange år som kasserar. Ny i styret er Torbjørn Bjotveit, mens Anne-Jorunn Ryum Møen, Geir Inge Kvitne og Torstein Gunnarson held fram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**