Fylkesstyret – referat frå møte 17. februar 2010

Referat frå fylkesstyremøte i Agder Venstre onsdag 17. februar kl 1800 på kontoret i Kongensgt 34, Kristiansand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Styret i Agder Venstre

Foto: Venstre

Tilstades: Arnt Gunnar Tønnessen, Heidi Foyn Thomassen, Jan Kenneth Stavenes, Anne Margrethe Larsen, Stein Inge Dahn, Ingvild Thorsvik, Anne Midtlien, Eva Kvelland
Frå fylkestingsgruppene: Melinda Kvinlaug og Øystein Haga.
Gjest: Emil Pedersen

Sakliste:

Sak 2010-1 Presentasjonsrunde
Arnt Gunnar Tønnessen ønska velkomen. Ingen endringar til saklista. Medlemene presenterte seg.

Sak 2010-2 Oppfølging av årsmøtet

– protokollen. Sekretæren ventar protokoll frå årsmøtet i Agder Venstre og Vest-Agder Venstre. Manglar landsmøtedelegasjon i vest pluss asylsøkarfråsegna. Protokollen for Aust-Agder Venstre er på vandring til dei valte underskrivarane.
Vedtak: Sekretæren sørger for å få protokollane ferdig.

– vedtektene. Det er ein logisk svikt i vedtektsformuleringane om val av alle annakvart år og at valnemnda foreslo og årsmøtet valte halve styret for eitt år og halve styret for to år. Vidare vil sekretæren før møtet sjå på dei foreslåtte endringane i vedtekter for VHO og sjå om Agder Venstre bør ha forslag i denne prosessen.
Vedtak: Fylkesstyret ser på vedtektene i samsvar med nye vedtatte vedtekter på Venstres landsmøte i april 2010.

– fråsegnene
Alle fråsegner, bortsett frå asylsøkarar i arbeid, blei sendt til alle redaksjonar søndag. Ved ein feil (mangla noen formuleringar på slutten av fråsegna blei den ikkje skrive ferdig frå fylkessekretæren.

– økonomien i fylkesårsmøtet
Utgiftene er kopiering av hefte 8998,00, bokgåver ca 4900, opphaldet for styremedlemer VA og AA, reiseutgifter styremedlemer og fylkessekretær.
Vedtak: Til orientering.

Sak 2010-3 Datoplanar i tillegg til det som ligg i arbeidsplannotatet
– styremøte.
Vedtak: Leiar og sekretær lagar forslag til møteplan innan ei veke. Retningslinje er styremøte i forkant av landsstyremøta.

Delegasjonssamling for landsmøtet
Vedtak: Tysdag 13. april kl 1800 i Kongensgt 34

Lokallagsleiarsamling hausten 2010,
Vedtak: Fredag 17. september kl 1800-2100 i Lillesand, Møglestu.

Årsmøte 2011 —
Forslag frå sekretæren: Laurdag 12. februar kl 1300 til søndag 13. februar kl 1600. Vi treng mellom 70 og 90 rom. Vi hentar inn tilbod frå Lyngørporten Resort (bokhotell) på Gjeving i Tvedestrand, Revsnes hotell på Byglandsfjord i Bygland (53 rom, kanskje i snauaste laget? (Holmen gård i Gjerstad har berre 36 rom/plass for 55 gjestar, og Pan Garden i Åmli 24 rom)), hotella i Arendal sentrum, Rica Grimstad Hotell, og fleire alternativ.
Vedtak: Utsett til neste styremøte og sekretæren hentar inn tilbod i mellomtida frå heile landsdelen.

Gruppemøte for fylkestinget
Øystein Haga orienterte om møteplan i Aust-Agder mandagar kl 1530 før fagkomitemøta i fylkestinga. Han sender datoliste til fylkessekretæren.
Melinda Kvinlaug finn system for Vest-Agder som har fylkestingssamlingar meir på vandring rundt i fylket.

– Venstreskoletilbod
Jan Kenneth Stavenes innleia utfrå arbeidsplanen. Det er kome mange nye medlemer særleg i Kristiansandsområdet. Det er også sendt ut brev til alle lokallag for å få inn behov.
Vedtak: Til orientering.

Sak 2010-4 Arbeidsdeling i styret og styre/sekretær
Arnt Gunnar Tønnessen innleia. Styremedlemene skal arbeide med utgangspunkt i kva kvar enkelt er god på. Heidi Foyn Thomassen drog opp fleire målsettingar om fylkestingsarbeid, kommunikasjon, hjelp til lokallaga, listestilling, strategiarbeid regionalt og lokalt, opplæring. Anne Margrethe Larsen såg på styret som både politisk og organisatorisk arena, med organisasjonsarbeid som første prioritet. Neste styremøte bør ha strategidebatt om bygging av lokalorganisasjonen. Fadderordning med kommunar/lokallag kan vere ein god arbeidsform. Anne Midtlien ser bygging av sterk organisasjon som grunnlaget i arbeidet. Arnt Gunnar Tønnessen har også mål om at Venstre skal sette dagsorden i den offentlege debatt på Sørlandet. Han foreslo å ha eit lengre møte om emnet, og også invitere lokallaga til å gi innspel. Øystein Haga la vekt på å styrke grunnorganisasjonen og gjere folk trygge til framtidsretta politisk arbeid i folkevalte organ. Stein Inge Dahn peika på politikk som ferskvare, og det viktige i å ha ein organisasjon som kan ta utfordringane og leie debatten. Melinda Kvinlaug fortalte om effektivt rekrutterings- og oppfølgingsarbeid i Unge Venstre i Vest-Agder som eksempel på god arbeidsform. Anne Margrethe Larsen viste til behovet for heile tida å kunne vere klar til å gripe saka og dagen i rett sak rett dag. Ingvild Thorsvik viste også til gode erfaringar i fadderordningar, for å styrke politikken også lokalt. Jan Kenneth Stavenes sa at Venstre treng ein sterkare organisasjon der fleire menneske heile tida er aktivt ute og presenterer Venstre. Inspirasjon og opplæring i lokallaga i å skrive lesarbrev, stå på stand og anna formidlingsarbeid er ein viktig del av arbeidet. Vi må også vere ned å sette dagsorden i landsstyret i Venstre.

Vedtak: Heidi Foyn Thomassen, Stein Inge Dahn og Arnt Gunnar Tønnessen planlegg ein arbeidsdag for styret om strategi og praktisk arbeid.

Sak 2010-5 Arbeidsgangen i nytt program for fylkestingsperioden 2011-2015
Det er felles program for perioden 2007-2011 (står på heimesidene). Målet må vere å forbetre, forkorte og fornye dette programmet. Styret peiker ut Melinda Kvinlaug som medlem i nemnda. Arbeidet startar torsdag 18. mars kl 1800. Dagsorden: Møtedatoar, temaer, arbeidsform. Fylkessekretæren kallar inn. Åse Rostvåg blir venstrekvinnelagets medlem, og Ingvild Thorsvik eller Kjetil Nyjordet for Unge Venstre.
Vedtak: Programnemnda med Øystein Haga som leiar konstituerer seg sjølv og har eigen sekretær. Programforslag blir sendt ut på høyring 1. november 2010.

Sak 2010-6 Arbeidsgang i nominasjonsprosessane
Vi har fått brev frå VHO om nominasjonsprosessen.
Vedtak: Agder Venstre tar sikte på å følgje framdriftsplanane frå VHO og i tillegg ha som målsetting å ha landets mest åpne nominasjonsprosessar, og legg det inn i kalender for fylkeslaget og lokallaga.

Sak 2010-7 Økonomi
Sekretæren har gått gjennom det vedtatte budsjettet for å sjå at alt er summert korrekt. Utgifter er 498.000, inntekter 522.200, overskot 24.200. Naturleg arbeidsgang bør vere at leiar eller sekretær signerer fakturaer, men at ingen signerer fakturaer for eigne utgifter som skal dekkast. Reiseutgifter til/frå styremøta blir dekt med kr 3,50 pr km, eller helst buss/tog. Vi skal alltid undersøke kollektivtilbod og så samkøyring som neste alternativ. Til kvart styremøte skal det vere økonomioversyn/økonomioversyn annankvar månad.

Vedtak: Agder Venstre engasjerer Stifoss regnskap i Grimstad som rekneskapsførar frå og med 1. januar 2010.

Sak 2010-8 Registrering i Brønnøysundregisteret
Agder Venstre må registrerast i Brønnøysund for å vere arbeidsgivar.
Vedtak: Arnt Gunnar Tønnessen får fullmakt til å organisere registrering av Brønnøysundregisteret.

Sak 2010-9 Valkampstrategi fram mot 2011
Målet er flest mogleg lister. Til neste styremøte lagar sekretæren ei vurdering av situasjonen i kvar enkelt kommune etter samråd med lokallagsleiarane. Sjå også dette frå Lillesand Venstre:

I Lillesand Venstre er vi utålmodige. Lite tyder på at det blir særlig drahjelp fra sentralt hold inn mot valgkampen, slik meningsmålingene er nå, og da er det kun én ting som nytter. Hardt, nitidig og grundig arbeid med å fronte Venstres saker lokalt. Lokalpolitisk nettverk er en strålende idé, men da vi ha flere samlinger. For Lillesand Venstre (LV) ser den lange valgkampen slik ut:
Valgkampnevnd nedsettes nå. Den skal finne de gode sakene og de gode kandidatene.
1. Kandidater som allerede nå melder seg vil få tilbud om skolering allerede.
2. Lokalpolitisk nettverk bør ha plass til de som fronter partiet neste år, og ikke bare de som allerede fronter oss lokalt.
3. LV har invitert lokallagene i Knutepunkt Sørlandet til eget, uformelt nettverk for finne felles saker.
4. LV kjører jevnlige leserinnlegg i Lillesands-Posten om by- og bygdeutvikling, kultur og miljø (mål om eierskap til disse sakene)
5. LV vil heretter stemme mot alt en er mot og for alt en er for i bystyret. Noen oppfatter det som omkamp, men vi mener det er det eneste rette selv om man er i mindretall hele veien. Praksis i Lillesand er at en gir slipp på motstand når en har tapt første runde. Bystyret må i sterkere grad bli en arena for meningsutveksling og tydeliggjøring av egen politikk.
6. LV vil invitere til brede folkemøter i aktuelle temaer for å sette dagsordenen.
7. LVs bystyrerepresentanter og ledende politikere skal være tilstede på de arenaene hvor folk er. Det betyr at bl.a. Facebook skal taes i bruk av alle som ønsker å være kandidater! Twitter har liten effekt i en småby.
8. Nettsidene skal oppdateres minst to ganger ukentlig. All skriftlig kommunikasjon fra Lillesand Venstre skal henvise tydelig til disse.
9. LV skal ta folks bekymringer på alvor. "Den politiske elite" har en tendens til å ikke ta folks bekymringer for de små og store hverdagsproblemene seriøst. Det går an å løfte trivielle problemer uten å bli vulgærpopulistiske.

LV savner følgende (smått og stort):
idébank for utveksling av gode forslag på tvers av kommune- og fylkesgrens er
medie- og retorikkurs
bedre kontakt med fylkestinget, slik at vi fra lokalt hold kan lufte våre saker
bedre kommunikasjon fra sentralt V-hold for å kommentere meningsmåling og store politiske saker
telt i V-farger og med V-logo slik at også vi kan på stand når det ikke er blå himmel (ønsker tilbud fra sentralt hold på dette)
Vedtak: Styret tar notatet frå Lillesand Venstre med i neste styresamling.

Sak 2010-10 Regionlag i Setesdal
Årsmøtet i Evje og Hornnes Venstrelag har vedtatt at laget må kvile, og spør samtidig om det er mogleg å ha eit regionlag i nedre Setesdal. Iveland Venstre er tvilande til effekten av dette, fordi det mest er lokale Ivelandssaker Iveland Venstre arbeider med. Frå Bygland har vi ikkje fått svar på initativet.

Sekretæren og kanskje ein styremedlem bør ha ein setesdalstur snarast, gjerne kombinert med Venstreskole i Valle, der Ann Christin Jacob vil vere aktiv. Da kan vi også plukke opp eventuelle interesserte byglendingar undervegs.

Sak 2010-11 Ymse
1. Valle — Ann Christin Jacob har vore intervjua i Radio Valle i dag om etablering av lokallag i Valle.
2. Kvinesdal — fleire Unge Venstrefolk er i gang med å etablere Unge Venstrelag.
3. Fylkestingssaker — Øystein Haga orienterte om forespørsel om elevundersøkelser i Aust-Agder fylkesting neste veke (sjå Øystein Hagas artikkel på www.venstre.no/austagder) og om samarbeid om søppelfylling i Mwanza i Tanzania.
4. Styrerepresentasjon frå Unge Venstre: Ingvild Thorsvik representerer Unge Venstre, med Kjetil Nyjordet som varamedlem.
5. Landsstyremøte 6. mars — Emil Pedersen er valt som landsstyremedlem fram til og med landsmøtet i april, men bad om at Stein Inge Dahn kan reise.
Vedtak: Stein Inge Dahn møter for Vest-Agder.
6. Arendal Venstre — styret inviterer seg til Lyngdal Venstre i neste styremøte i lokallaget.
7. Aksjon Farsund: Vi planlegg skolemøte, oppsøkande arbeid og lokallagsstyrking i Farsund. Ansvarlege er Anne Margrethe Larsen, Arnt Gunnar Tønnesen og Jan Kløvstad.
8. Felles formannskapsmøte mellom Kristiansand og Arendal med mange innspel om organisering av det offentlege Agder.
9. Arnt Gunnar Tønnessen orienterte om at kommunestyremedlem Olaf Engestøl, Iveland, har meldt overgang til Kristeleg folkeparti.
10. Arnt Gunnar Tønnessen og Øystein Haga orienterte også om offentleg debatt i Risør om Venstres rolle i kommunen. Fylkesstyret stiller gjerne til støtte for lokalpartiet.

Møtet slutt kl 2115.

Arnt Gunnar Tønnessen

Jan Kløvstad
fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**