Venstre vil ha satsing på kollektivtrafikk

Vi må tenkje nytt om utfordringane Bergen sentrum har når det gjeld den helseskadelege forureininga byen lir under. Eit samrøystes årsmøte i Hordaland Venstre kom i helga med konkrete innspel om tiltak som vil medverke til å løyse problema, seier nyvald fylkesstyremedlem, Rolf Nesheim frå Lindås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Utsendingane frå Nordhordland var særleg opptatt av tre ting:
1. Store parkeringsplassar på knutepunkt i alle kommunane rundt Bergen.
2. Hyppige avgangar når folk treng da.
3. At korresponderande bussar korresponderer.

Hordaland Venstre meiner at dette må kombinerast med ein reduksjon i talet på parkeringsplassar i sentrum og ei rushtidsavgift som er så høg at den får folk til å velje bussen framfor det langt dyrare og forureinande alternativet som bilen i dag er.
Ein treng ikkje leite så lenge i lokalavisene for å finne døme på kvifor folk vel bil framfor buss. Det tek lengre tid, bussen kjem ikkje, og ikkje korresponderer dei slik det er sagt dei skal gjere.
Dei tilsette gjer så godt dei kan, men vi må ta mykje større grep enn det vi har vore villege til no, seier Nesheim. Då kan vi vere med på å utvikle Bergen by vidare som den motoren byen er for vår eiga utvikling.
Staten må på bana med midlar som legg til rette for knutepunksparkeringsplassane. Dei må vere mykje større enn det vi t.d. ser i Knarvik og på Flatøy. Kvifor ikkje tenkje at desse og kan vere med på å auke kollektivtrafikken mot Mongstad der trafikken forbi Knarvik til tider liknar trafikken som går mot byn?
Staten og fylkeskommunen må medverke til at kjøp av rutetenester kan skje i eit heilt anna omfang enn i dag slik at vi kan få dei hyppige avgangane som trengs, seier Nesheim.

Kontakt: Fylkesstyremedlem Rolf Nesheim, 90662938

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**