Venstre vil ha kabling av kraftliner

Eit samrøystes årsmøte i Hordaland Venstre valde i helga å kritisere Statnett sine planar om monstermaster framfor kabling i skarpe ordelag. Nyvald fylkesstyremedlem, Rolf Nesheim frå Lindås, seier at Venstre respekterer den klare folkemeininga som har kome til uttrykk i dei råka områda, og vil ha kabling av linene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Statsnett sine planar om nye luftspenn på 420 kv frå Kollsnes til Mongstad med master på opptil 45 meters høgde har vekt ein voldsam tverrpolitisk motstand i dei råka kommunane. Fylkesstyremedlem Nesheim meiner det er ei nasjonal interesse å forsvare dei unike kyst- og fjordlandskapa i Nordhordland, og ikkje minst næringsgrunnlaget og bukvaliteten for innbyggjarane i regionen.

Sår tvil om behovet
“Frå eksperthald er det sådd tvil om ein faktisk treng dei nye kraftleidningane, og det må såleis gjennomførast ein skikkeleg gjennomgong av alle fakta før ein konkluderer”, seier Hordaland Venstre i den politiske fråsegna om monstermaster som vart samrøystes vedteke under årsmøtets avsluttande dag.
“Dersom energiforsyninga krev at ein byggjer nye kraftleidningar, er det berre jord- eller sjøkabling som kan aksepterast”, slår partiet vidare fast.

Viktig for turismen — og heile fylket
Rolf Nesheim legg vekt på at unike naturområde har ein eigenverdi, men nemner også at dei har ein stor verdi for turistnæringa.
– Turistnæringa står for ei verdiskaping som kjem heile Hordaland til del, og Hordaland Venstre ynskjer ei satsing på denne viktige næringa for fylket vårt. Då er ikkje monstermaster ein del av løysinga, seier den nyvalde medlemen av fylkesstyret, som lovar at Venstre vil stå på for at kabling skal veljast når avgjerda skal fattast.

Kontakt: Fylkesstyremedlem Rolf Nesheim, 90662938

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**