Utsendingane leverte fråsegn om Atløysambandet

Helga 13-14. februar var delegatane Malvin Grepstad og Gunnar Osland. Renate Berg var delgat laurdag og søndag overtok Ove Nesberg delegatrolla etter ho. Askvoll Venstre har rett til tre utsendingar og fylte opp delegatkvoten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunnar Osland, Renate Berg og Malvin Grepstad

Gunnar Osland, Renate Berg og Malvin Grepstad

I tillegg var Linda Ness Rotihaug tilstades, som tilsett fylkessekretær organiserte ho heile årsmøtet. Utsendingane frå Askvoll leverte inn fråsegn om Atløysambandet. Totalt kom det inn 19 fråsegner til fristen. Dessverre vart ikkje fråsegna blant dei 7 som vart vedtekne, men styret har fått den oversendt til vidare handsaming der.

Fråsegna frå Askvoll Venstre lydde:

«Atløysambandet

Sogn og Fjordane Venstre ser det som sers viktig at fastlandssambandet til Atløy vert realisert snarast råd.

Vi stiller oss bak den finansieringsløysinga som er skissert med ferjeavløysingsmidlar, og vil sikre at sambandet får tildelt slike midlar i 2014 når tidlegare prioriterte anlegg er ferdige. Sogn og Fjordane Venstre vil understreke viktigheita av at Sogn og Fjordane fylkeskommune bidreg til at det vert stilt midlar til rådvelde slik at planarbeidet kan utførast i god tid før 2014, slik at ein unngår forseinkingar i ferdigstillinga av prosjektet.»

Askvoll Venstre vil legge påtrykk til fylkesstyret om at dei vedtar ei fråsegn i nær framtid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**