Ta heile landet i bruk

Distrikta finn det stadig vanskelegare å skape arbeidsplassar for folk med høgare utdanning, og det er såleis uforståeleg at tusenvis av offentlege arbeidsplassar er lokalisert i Oslo utan nokon openber grunn. Den raudgrøne regjeringa har vist alt for lite vilje til å flytte offentlege arbeidsplassar ut frå Oslo. Sogn og Fjordane Venstre vil at det skal settast i gong ein statleg flyttedugnad der statsverksemd som til dømes Statens pensjonskasse og Forskningsrådet vert flytta ut av Oslo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Vakampturne i Sogn og Fjordane

Det vil vere sunt for offentlege sektor at statlege verksemder vert spreidde over heile landet, slik at kompetansen og kunnskapen ein finn der kjem til nytte. Det er høgst kritikkverdig at utflyttinga har stoppa heilt opp under den raudgrøne regjeringa.

Mangelen på arbeidsplassar for høgt utdanna vert nemnt som ein av dei viktigaste grunnane til at folk i stadig større grad kvir seg for å busette seg i distrikta. Ringverknadane av ei slik utflytting vil vere folkevekst, framgang og fornya optimisme.

Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit av dei enklaste og mest effektive distriktspolitiske tiltaka ein har til disposisjon. Sogn og Fjordane Venstre krev at regjeringa snart tek distriktsutvikling på alvor og set i gang utflytting av statlege arbeidsplassar.

Vedteken fråsegn, Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte 13.-14. februar 2010.

Kontaktperson :
Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 90 99 81 21

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**