I regjeringa sitt framlegg til ny strandsonepolitikk går ein inn for å dele kommune-Noreg inn i tre kategoriar, og for svært mange kommunar langs Vestlandskysten medfører dette ei innstramming. Etter Sogn og Fjordane Venstre sitt syn er ei slik tredeling kunstig, og vil føre til ein lite dynamisk strandsonepolitikk, som i liten grad vil ta omsyn til lokale tilhøve.
Sogn og Fjordane Venstre har tru på lokaldemokratiet, og trur at kommunane – som er dei som kjenner lokale tilhøve har dei beste føresetnadane for å forvalte sine eigne område. Difor meiner Venstre at kvar einskild kommune skal utarbeide sin eigen strandsoneplan. Denne planen skal godkjennast av statlege styresmakter, og kommunane skal deretter ha fridom til å avgjere einskildsaker innanfor rammene av den godkjende planen. Det er særs viktig at kommunane i si utforming av strandsoneplanen tenkjer langsiktig og tek omsyn til allemannsretten, natur, fauna, kultur, fornminne og anna slik at planen vert heilskapleg.
Vedteken fråsegn Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte 13.-14. februar 2010.
Kontaktperson :
Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 90 99 81 21