Stopp visuell forsøpling og ukontrollert forureining!

Sogn og Fjordane Venstre vil arbeide for ei oppgradering av dagens regelverk mot visuell forsøpling, planlagt forfall og ukontrollert dumping av avfall.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Fråflytting, endra buformer, ansvarsfråskriving, arvetvistar, konkursar o.l. fører ofte til at eigedomar, gods og materiell vert ståande utan tilsyn over lengre periodar. Ofte fører det til manglande vedlikehald over tid noko som igjen resulterer i forfall. Verdifulle og bevaringsverdige hus og eigedomar vert forvandla til risikofylte leikeplassar for ungdom og tilfeldig forbipasserande. Andre plassar står rustne maskiner av ymse slag som minnesmerke over feilsatsing eller uventa problem. Dette gjeld anleggsmaskiner og produksjonsutstyr både av større og mindre omfang. I tillegg har vi havarerte skip både på botnen og i fjæresteinane. Etter at dette har stått ubrukt i årevis vert det stygt og ikkje minst farleg for evt besøkande.

Dette er ein trussel mot miljøet enten som ein miljøtrussel med tanke på utslepp av farlige gassar og vesker, eller som ein trussel mot ferdsel i nærleiken. Det er og ein trussel mot nyetablering og mot dei opplevingar og forventningar vi sel inn til besøkande og mulige tilflyttarar.

Felles for dei fleste slike saker er at vi som vert råka av truslane ikkje har verkemiddel til å krevje tiltak. Vi kan meine mykje og skrive om det, men når det kjem til handling står vi nesten makteslause.

Sogn og Fjordane Venstre vil difor be om eit regelverk som gjer at kommunar, private organisasjonar eller velforeiningar kan krevje å få dette fjerna, for eigars rekning og garantert av det offentlege.

Vedteken fråsegn Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte 13.-14. februar 2010.

Kontaktperson :
Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 90 99 81 21

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**