Tilbodet om påbygging til elevar som har fullført Vg2 på ei yrkesfagleg studieretning er i Kunnskapsløftet likestilt med gjennomført tre år på studieførebuande studieretning.
Å ta to år på ei yrkesfagleg studieretning før ein skaffar seg studiekompetanse, er nyttig innanfor fleire fagfelt. Somme elevar vel å ta til dømes studieretning for helse- og sosialfag og eit år Vg3 påbygging når dei vil bli sjukepleiar i staden for å gå tre år på studieførebuande. Andre ønskjer å gå vidare på ingeniørstudiet etter to år på ei yrkesfagleg studieretning.
Tilbodet om påbygging er under press, og står i akutt fare for å bli sterkt redusert i fylket vårt. Dersom ein kuttar på talet elevar som får ta påbygging til generell studiekompetanse, vil dette mellom anna kunne få store konsekvensar for sjukepleieutdanninga og ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Venstre vil også peike på TAF (tekniske- og almenne fag) som eit framtidsretta studietilbod i vidaregåande skule for å kombinere yrkesfag og studiekompetanse. TAF vart for første gong oppretta i Sogn og Fjordane i skuleåret 2009/2010. Venstre vil at oppbygginga av TAF-tilbod i fylket skal halde fram.
Vedteken fråsegn Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte 13.-14. februar 2010.
Kontaktperson :
Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 90 99 81 21