Noreg bryt FNs konvensjon om barnerettar

UDI utviser born og unge som har vorte godt integrerte i lokalsamfunn, utan å legge vekt på borna sine interesser. Dette har vi fleire døme på i Sogn og Fjordane, mellom anna Simon-saka i Florø, Teta-saka i Sogndal og Jawana-saka Førde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Barn, kreativ, skole

Foto: Microsoft

Likeins har regjeringa lagt opp til ein praksis der familiegjenforeining tek for lang tid, slik at born og foreldre mistar kontakten med kvarandre. Etter FNs barnekonvensjon har born «rett til kontakt med foreldra sine», og søknadar om familiegjenforeining skal handsamast på ein «positiv, human og rask måte». Noreg er i dag ikkje i nærleiken av å leve opp til denne standarden.

Talsmenn for UDI har sagt i media at dei «ikkje har kompetanse til å vurdere kva som er best for borna». Dette uroar Sogn og Fjordane Venstre. Årsmøtet krev at Noreg legg opp til ein praksis som er i tråd med våre internasjonale plikter. Eit steg i rett retning vil vere å løyve meir midlar til sakshandssaming i UDI, noko Venstre har kome med framlegg om på Stortinget i fleire år på rad.

Sogn og Fjordane Venstre krev at regjeringa i barnesaker legg opp til ein praksis som ikkje bryt med FNs barnekonvensjon.

Vedteken fråsegn frå Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte 13-.14. februar 2010.

Kontaktperson:
Leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter, tlf 90 99 81 21

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**