Gunhild Berge Stang valt til styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre

Gunhild Berge Stang vart i helga valt til styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre. Svenn Øvrebø har vore 2. nestleiar i styret i to år, men tok ikkje attval. Gledeleg at Askvoll framleis er representert i fylkesstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

 Gunhild Berge Stang - nyvalt styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre

Gunhild Berge Stang – nyvalt styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre

Pressemelding etter årsmøtet meldte om at kvinnene gjorde reint bord under årsmøtet. Gunhild får kvinneleg leiartrio: Marit Barsnes Krogsæter frå Florø som vart vald til ny leiar, og Eva Ramstad frå Sogndal og Vigdis Tonning frå Jølster som nestleiarar. Askvoll Venstre vil nemne at Marit er fødd og oppvaksen i Barsneset på Atløy.

 Nye leiar i fylkesorganisasjonen, Marit Barsnes Krogsæter

Nye leiar i fylkesorganisasjonen, Marit Barsnes Krogsæter

I tillegg til desse damene sit Sveinung Rotevatn frå Eid, Kåre Jarl Langeland frå Bremanger og Odd Bovim frå Florø.

Askvoll Venstre ønskjer Gunhild lukke til med fylkesstyrevervet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**