Eit krafttak for rusomsorga

Narkotikaavhengigheit er ein sjukdom, men i realiteten har ikkje narkotikaavhengige same tilgong til helse- og sosialtenester som andre sjuke. Spelavhengige, alkoholavhengige og menneske som lid av andre sjukdommar vert primært møtte av helsevesenet, medan narkotikaavhengige risikerer bøtelegging, fengsling og kriminalisering. Dette er eit stort og tragisk paradoks, som fører til at narkotikaavhengige vert marginaliserte og mistar reelt rettsvern, samstundes som avhengigheita eskalerer før helsevesenet kjem på bana. Denne marginaliseringa av allereie vanskelegstilte grupper kan verke som ei hindring for å søkje hjelp mot avhengigheit og andre helseproblem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Fylkesstyremedlem, Sveinung Rotevatn

Fylkesstyremedlem, Sveinung Rotevatn

Sidan Portugal i 2001 gjekk inn for at erverv, bruk og oppbevaring av brukardosar ikkje skal vere straffbart, har bruken av dei aller fleste narkotiske stoff gått ned — ikkje minst blant ungdom. I tillegg har talet på HIV-smitta og overdosedødsfall vorte kraftig redusert, og ein ser at langt fleire narkotikaavhengige oppsøkjer helsehjelp. At narkotikaavhengigeheit ikkje skal vere straffbart vart tilrådd av den norske straffelovkommisjonen allereie i 2002, og Sogn og Fjordane Venstre meiner at Noreg no bør følgje dette opp gjennom å ta i bruk Portugal-modellen. Med denne tilnærminga vil ein framleis kunne gje ut administrative bøter, og brukarar kan påleggjast å oppsøke behandling. Det avgjerande er likevel at den narkotikaavhengige vert møtt med helsehjelp — ikkje straff.

Sogn og Fjordane Venstre sin kontaktperson:
Fylkesstyremedlem Sveinung Rotevatn, tlf 95 14 64 87

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**