Kvinner i leiartrioen i Sogn og Fjordane

Under årsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre denne helga gjorde kvinnene reint bord. Marit Barsnes Krogsæter frå Florø vart vald til ny leiar, og får med seg Eva Ramstad, Sogndal og Vigdis Tonning frå Jølster som nestleiarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

 Nyvalt leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter

Nyvalt leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Marit Barsnes Krogsæter

– Det nye styret vil jobbe hardt for å halde vedlike medlemsauka og støtte lokallaga i sitt arbeid. Hovudmålsetjinga for 2010 er å bygge organisasjon og førebu lokallaga på kommune- og fylkestingsvalet i 2011, seier leiaren Marit Barsnes Krogsæter

I tillegg til leiartrioen sit styremedlemma Gunhild Berge Stang frå Askvoll, Sveinung Rotevatn, Eid, Kåre Jarl Langeland, Bremanger og Odd Bovim frå Florø.

Den nye fylkesleiaren er godt kjent i fylket, arbeider som lærar og er fylkestinggruppeleiar. Ho er glad for tilliten ho vart vist frå ein samrøystes møtelyd i helga, og er slett ikkje uroa for den høge kvinneprosenten i toppleiinga i fylkespartiet. – Det viktigaste er ikkje kva kjønn ein har, men at ein er motivert og klar for å gjere ein innsats for partiet, seier Barsnes Krogsæter som gleder seg til å ta fatt på vervet.

Årsmøtet samla mykje folk, og den nyvalde leiaren slår fast at partiet på ingen måte ligg nede for teljing, trass eit dårleg stortingsval i fjor. – Valresultatet var sjølvsagt ein nedtur, men vi har fått ein medlemsvekst i etterkant — også her i Sogn og Fjordane. Det motiverer til vidare arbeid, og no gjeld det at alle i partiet dreg i same retning for å løfte oss fram mot lokalvalet i 2011, seier Barsnes Krogsæter.

Marit Barsnes Krogsæter overtek leiarvervet etter Torbjørn Kolås frå Gulen.

Torbjørn Kolås og Marit Barsnes Krogsæther

Torbjørn Kolås og Marit Barsnes Krogsæther

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen

Til dag to av årsmøtet kom 2. nestleiar Ola Elvestuen. Han kom med nattbussen og Sogn og Fjordane Venstre var tredje årsmøte han var tilstades på denne helga. Elvestuen heldt flott tale til årsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**