Årsmøte opna i flotte omgjevnader

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre opna kl. 1200 for 43 gjester, observatørar og delegatar. 17 lokallag hadde utsendingar til årsmøtet. I jubileumsbyen Florø 150 år skein sola, og Quality Hotel Florø sine gode møtelokale gav årsmøtet ei flott ramme.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Velkomsthelsing frå prosjektleiar for byjubileet, Edvin Helgheim

Velkomsthelsing frå prosjektleiar for byjubileet, Edvin Helgheim

Leiar Torbjørn Kolås opna møtet og Florø sin nyvalte leiar, Silje Jansen Nybø ønskte årmøtet velkommen til jubileumsbyen. Prosjektleiar for byjubileet, Edvin Helgheim kom med velkomshelsing til årsmøtelyden og fortalte om den spennande historia til Florø. Florø Venstre hadde fått Otto Søvik til å gje musikalsk innslag på trompet til årsmøtet.

Musikalsk innslag ved Otto Søvik

Musikalsk innslag ved Otto Søvik

Torbjørn Kolås og Marit Barsnes Krogsæther

Torbjørn Kolås og Marit Barsnes Krogsæther

Les meir om Florø 150 år på heimesidene til jubileumsbyen www.flora150.no/ og om Quality Hotel Florø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**