Venstre vil ha fortgang i kraftforsyninga og energisparing

Møre og Romsdal treng eit sikkert forsyningsnett av straum både for å sikre privatfolk og bedrifter nok straum og for å hindre at vi får slike høge straumprisar som vi har sett denne vinteren. Resolusjon på årsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Vi må sette i gang omfattande energisparingstiltak både i privathusholdning, i bedrifter og i kommunar og fylkeskommunen. Vi må også få fortgang i planar for utbygging av alternativ kraft, og vi må få på plass den nye 420 Kv-lina frå Fardal i Sogn til Ørskog for eit sikkert kraftnett både til import og til eksport

Det har gått tregt i planlegginga av den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog på grunn av konflikter mellom Statnett som vil legge heile lina i luftkabel og verneinteressene som vil ha lina i jord- eller sjø-kabel.
Møre og Romsdal Venstre meiner det er fullt mogeleg å få til eit kompromiss mellom interessene slik at kraftlina vert kabla gjennom dei mest sårbare områda på strekninga Fardal — Ørskog.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**