Ny fylkesleiar kraftig ut mot monstermaster

Hordaland Venstre valde i helga å kritisere Statnett sine planar om monstermaster i Hardanger i skarpe ordelag. Den nyvalde fylkesleiaren markerte seg også som ein innbiten motstandar av prosjektet. — Venstre respekterer den klare folkemeininga som har kome til uttrykk i dei råka områda, og seier kontant nei til monstermaster, seier Synnøve Handeland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Statsnett sine planar om nye luftspenn på 420 kv frå Sima i Eidfjord til Samnanger med master på opptil 45 meters høgde har vekt ein voldsam tverrpolitisk motstand i dei råka kommunane. Fylkesleiar Handeland meiner det er ei nasjonal interesse å forsvare dei unike fjordlandskapa Hardanger, og ikkje minst næringsgrunnlaget og bukvaliteten for innbyggjarane i regionen.

Hardanger

– Dette handlar om naturvern, om verdiskaping og om respekt for lokaldemokratiet. Kort sagt så handlar det om grunnleggjande kjerneverdiar for meg som Venstre-politikar, seier Handeland, som i tillegg til å leier Hordaland Venstre også er varaordførar i Kvinnherrad kommune.

Sår tvil om behovet
"Frå eksperthald er det sådd tvil om ein faktisk treng dei nye kraftleidningane, og det må såleis gjennomførast ein skikkeleg gjennomgong av alle fakta før ein konkluderer", seier Hordaland Venstre i den politiske fråsegna om monstermaster som vart samrøystes vedteke under årsmøtets avsluttande dag.

"Dersom energiforsyninga krev at ein byggjer nye kraftleidningar, er det berre jord- eller sjøkabling som kan aksepterast", slår partiet vidare fast.

– Kan kombinere med Hardangertunnel
Hordaland Venstre ser vidare føre seg at kabling kan kombinerast med andre samfunnsnyttige prosjekt, til dømmes byggjinga av Hardangertunnelen.

– Det ville vore fornuftig om ein i arbeidet med å realisere Hardangertunnelen kan gjere denne til ein felles veg- og krafttunnel. I samspel med sjøkabling til Norheimsund vil dette vere den mest miljøvenlege og samfunnsnyttige løysinga for kraftoverføring frå Sima til Samnanger, hevdar Synnøve Handeland.

Synnøve Handeland

Viktig for turismen — og heile fylket
Handeland legg vekt på at dei unike naturområda i Hardanger har ein eigenverdi, men nemner også at dei har ein stor verdi for turistnæringa.

– Turistnæringa står for ei verdiskaping som kjem heile Hordaland til del, og Hordaland Venstre ynskjer ei satsing på denne viktige næringa for fylket vårt. Då er ikkje monstermaster ein del av løysinga, seier den nyvalde fylkesleiaren, som lovar at kampen mot monstermastene vil stå høgt på Venstre sin politiske agenda framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**