Fagskulane i Møre og Romsdal må sikrast

Årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre ser med stor uro på planane om å legge ned fagskuleutdanningar som er sentrale for arbeidslivet i fylket. Dersom den varsla omlegginga av finansieringa blir gjennomført, vil det føre til mangel på nødvendig kompetanse i maritim næring. Resolusjon fra årsmøtet 2010

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Tilgang på fagfolk med rett kompetanse er avgjerande for å vere konkurransedyktig.

Fagskulane i Kristiansund og Ålesund er ein viktig del av det maritimt retta industrifylket Møre og Romsdal. Skulane er ein sentral rekrutteringsinstans og samarbeidspart for fiskerinæringa, petroleumsnæringa og anna maritim verksemd. Regjeringa må handle raskt for å unngå nedlegging, og fagskulane i Møre og Romsdal må bli fullfinansierte i revidert nasjonalbudsjett 2010.

Møre og Romsdal Venstre kan ikkje godta at ungdom som skal inn i viktige stillingar i maritimt næringsliv, skal være kasteballar mellom stat og fylke fordi det er usemje om finansieringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**